HEIMELAGA: Kjøkensjef Ole Inge Moen saman med Elin Brekke Hop og Gro Myrmel Moen sørgar for at maten til pasientane er både smakfull og næringsrik. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
HEIMELAGA: Kjøkensjef Ole Inge Moen saman med Elin Brekke Hop og Gro Myrmel Moen sørgar for at maten til pasientane er både smakfull og næringsrik. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Pasientane får både smak og ernæring 

Sjukeheimen i Årdal er ein av dei få i landet som framleis brukar fløyte og meierismør i maten til til eldre og sjuke. 

Årdal: Nyleg sendte Forbrukarrådet i Noreg ut ei melding om at eldre vert umyndiggjort i matvegen. 

Eldre på sjukeheimar og andre institusjonar må i langt større grad sjølv kunne få velje kva dei skal ete, meiner Forbrukarrådet, skriv NTB. 

– Eg trur Årdal kommune ligg langt over landsgjennomsnittet når det gjeld å høyra på kva dei eldre faktisk vil eta, seier Ole Inge Moen, kjøkensjef på produksjonskjøkenet på sjukeheimen på Årdalstangen. 

Manglande brukarundersøkingar 

I fjor tok Forbrukerrådet opp manglande brukarundersøkingar ved sjukeheimane i landet i samband med valkampen.

– Me fekk mange fagre løfte, men førebelse tal frå KOSTRA viser at det ikkje har skjedd ei endring, seier fagdirektør for offentlege tenester Anne-Kristin Vie til NTB.

– Mat er gjerne dagens høgdepunkt. Det å ikkje få velje maten ein skal ete, kan kjennast som ei umyndiggjering, meiner ho.

KOSTRA er ei forkorting for kommune-stat-rapporteringa frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

No sender Forbrukarrådet brev til dei nye ordførarane i heile landet og ber dei følgje opp løfta sine.

– Politikarane bør skjerpe seg. I dag er det berre seks av ti kommunar som gjennomfører brukarundersøkingar og spør bebuarar og pårørande på sjukeheimar og andre institusjonar om kva dei vil ete. Det for lite, seier Vie. 

Høyre kva dei eldre vil ha

I dag leverer kokkane påsjukeheimen  mat til omlag 120 brukarar ved sjukeheimen i Seimsdalen, på Årdalstangen og på Åbo i Øvre Årdal. I tillegg leverer Asvo og heimesjukepleien mat til dei brukarane som bur heime. 

– Ein må høyra på kva dei eldre og sjuke vil ha. Kommunen har fokusert på god ernæring for å unngå underernæring i fleire år blant eldre. Ein skal bruka ekta smør, kremfløyte og H-mjøl. Ein ser at pasientane leggjer på seg og at mat ofte kan vera den viktigaste medisinen, seier Hilda Nese, leiar for institusjonane i Årdal. 

NÆRING: Dagens middag på sjukeheimen er laga frå botn av.
NÆRING: Dagens middag på sjukeheimen er laga frå botn av.

Årdal kommune har det siste året omdisponert personale ved å kutte kveldvakta på kjøkenet på Årdalstangen og sett inn helgevakt på Åbo. 

– Dei som jobbar på kjøkenet er flinke til å laga tilrettelagt mat til pasientane. Om dei treng noko ekstra, er dei raske med å snu seg rundt. Til dømes om nokon ikkje et fisk, får dei kjøt i staden, seier Nese. 

For nokre månadar sidan var formannskapet i Årdal på besøk på sjukeheimen for å smaka på maten som dei eldre får servert. 

– Dei var svært positive til maten og det var ikkje laga til noko spesielt for dei, seier ho. 

Spekesilda bytta ut med taco

I løpet av dei siste åra har dei eldre brukarane skifta ut blodpuddingen med pizza. Kjøkensjefen spår at det vil koma eit nytt generasjonsskifte dei neste ti åra og at spekesilda då vil bli bytta ut med fredagstacoen. 

– Sist fredag hadde me pizza og tilbakemeldingane var topp, seier Moen. 

Kvar torsdag har kjøkensjefen møte med leiarane i helseomsorgen i Årdal for å finne ut kva brukarane vil ha i matvegen. 

– Eg har ikkje motteke ei klage sidan eg byrja i jobben for to år sidan. Tilbakemeldingane frå bebuarane har vore gode, både før og etter mi tid, seier han. 

På sjukeheimen opererer dei med ni og tolv vekers matkalendarar i staden for tre til seks som mange andre instutisjonar gjer. Dette er for å leggja til rette for ein variert og spennande meny. 

SMURTE SKJEVER: Elin Brekke Hop har lagt inn ein ekstra innsats for at maten til brukarane skal sjå fin og innbyande ut.
SMURTE SKJEVER: Elin Brekke Hop har lagt inn ein ekstra innsats for at maten til brukarane skal sjå fin og innbyande ut.

Kaffimaten er hellig

Moen var nyleg på eit seminar i Førde der dei diskuterte å kutte ut den tradisjonelle kaffimaten som består av kaker og kaffi etter middag. 

– Det skjer ikkje her. Kaffimanten er hellig for bebuarane. Det skal ikkje mykje til for å gjera ein forskjell i matkvardagen deira, seier Moen. 

På sjukeheimen har det også blitt innført matstasjonar som er opne 24 timar i døgnet. Her kan brukarane forsyne seg med kaffi, juice, mjølk, skjever, frukt, graut og yoghurt til alle døgnets tider. 

– Me brukte utstyr som me allereie hadde for å gi dei eldre eit breiare tilbod, seier Moen. 

Dei faste tidene for måltid er frukost, middag, kaffimat og kveldsmat. 

MATSTASJON: I begge etasjane på sjukeheimen på Årdalstangen er det matstasjonar som er opne 24 timar i døgnet.
MATSTASJON: I begge etasjane på sjukeheimen på Årdalstangen er det matstasjonar som er opne 24 timar i døgnet.

Heimekjensla

Det er viktig at den heimelaga maten er både velsmakande og ernæringsrik. 

– Sjølv om brukarane berre et halvparten av porsjonen sin, så skal dei få det dagsbehovet som regelverket tilseier. Difor må ein ikkje spara på fløyte, smør og godsakene i maten slik som mange gjere for å halda seg innanfor eit budsjett. Me helde budsjettet vårt og sparar ikkje på noko, seier Moen. 

Han forklarar at mat er høgdepunktet og samlingspunktet for dei eldre. 

– Ein får ikkje ei god atmosfære og miljø blant brukarar og tilsette om maten ikkje er god. Kvar pasient er unik, om ein ikkje likar noko, så må ein laga noko nytt, seier Moen. 

HELLIG: Kaffematen til brukarane som består av bakst og kaker, er ifølge kjøkensjefen hellig.
HELLIG: Kaffematen til brukarane som består av bakst og kaker, er ifølge kjøkensjefen hellig.

Moen skryt mykje over det fantastiske kjøkenteamet som består av åtte personar. 

– Me prøver å tenkja over kvifor me er her. Det er fordi dei på huset skal kjenna seg heima. Dette er heimen til brukarane og då er det vår jobb å skapa den heimekjensla. Det får dei til å ete meir og då kjem trivselen og humøret tilbake, avsluttar Moen. 

Til toppen