TILGJENGELEG PÅ NETT: Frå tysdag denne veka var pasientjournalen din tilgjengeleg på nett. Dermed nærmar ein seg det helseminister Bent Høie omtalar som Pasientens helseteneste. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
TILGJENGELEG PÅ NETT: Frå tysdag denne veka var pasientjournalen din tilgjengeleg på nett. Dermed nærmar ein seg det helseminister Bent Høie omtalar som Pasientens helseteneste. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Pasientjournalen er tilgjengeleg på nett

Alt i 1977 fekk du rett til å lese eigen journal, men då har du måtta be sjukehuset om å levere den ut i papirform.

Sogn: Slik er det ikkje lenger. Frå tysdag vart store delar av journalen din tilgjengeleg på nett. Via vestlandspasienten.no kan personar over 16 år trygt sjå det meste av sin somatiske (altså ikkje psykisk helsevern) journal på sin eigen pc.

– No slepp folk å ta kontakt med sjukehuset for å få journalen sin utlevert. Dette trur me vil gjere terskelen for innsyn mykje lågare, seier seier Hilde Christiansen, som er direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

– Me ønskjer at pasientar skal ha enkel tilgang til sin eigen journal. Journalopplysningane er pasienten sine opplysningar, og ikkje behandlarane  sin eigedom. Me trur at ein opplyst pasient er ein tryggare pasient, og her nærmar me oss det helse- og omsorgsminister Bent Høie omtalar som Pasientens helseteneste. 

Christiansen trur pasientane her i vest kjem til å nytte tilbodet om å bruke nettet til å lese journalnotata sine.

Gradvis innføring

Det heile vil skje etter ei gradvis innføring. Inntil vidare har til dømes ikkje pasientane tilgang til absolutt alle journaldokument. Årsaka til dette kan vere at nokre av dokumenta er i feil format som ikkje fungerer i helsenorge.no.

– Det er journaldokument frå det sentrale journalsystemet (DIPS) som blir vist. Dokument frå til dømes føde og barsel kjem frå eit anna fagsystem, og kan ikkje visast enno. Av same grunn kan vi heller ikkje vise alle laboratorie- og prøvesvar, men vi har planar om å gjere dette tilgjengeleg på sikt, seier Ole Jørgen Kirkeluten, som er prosjektleiar for Min pasientjournal.

Dessutan er nokre dokument unnatekne frå visning på nett fordi ein ønskjer å vere heilt trygg på at rutinane for å administrere pasientinnsyn er på plass. 

For å få tilgang til pasientjournalen din, bruk Bank ID eller annan godkjent innlogging som Bank ID på mobil, Commfides, Buypass, skriv Helse Førde i pressemeldinga. 

Til toppen