FONDSBU: Frå hytta til Den Norske Turistforening i Fondsbu i Jotunheimen. Illustrasjonsfoto: Gunnar Lier / NTB scanpix / NPK.
FONDSBU: Frå hytta til Den Norske Turistforening i Fondsbu i Jotunheimen. Illustrasjonsfoto: Gunnar Lier / NTB scanpix / NPK.

Påskefjellet byr på aktivitetar for store og små

Viss påska tilbyr godvêr og skiføre, har Turistforeininga mange tips til dei som ikkje har planlagt ferien enno.

Jotunheimen: – Vinteren kom seint i år i mange område, men no kan dei betente hyttene våre melde om gode snøforhold. Sein påske betyr ekstra lange dagar, nydelege forhold og varme ettermiddagar i solveggen, seier generalsekretær i Den Norske Turistforening, Nils Øveraas, på nettstaden dnt.no.

Senger og mat står klar

Den Norske Turistforening (DNT) gjer seg klar til storinntrykk i påskefjellet. 4.300 kilometer med vinterløyper vert kvista, og dei betente, sjølvbetente og ubetente hyttene skal ha nok proviant til å huse alle som vil til fjells. Sjølv om årets påske kjem seinare enn i fjor, trur Øveraas at folk vil nytte høvet til lange aprildagar i fjellet.

– Ikkje pakk skia vekk for tidleg, det er i denne perioden du kan få dei flottaste fjellskiturane. I april kan det vere ekstra flott i fjellet, og sola kan ofte varme skikkeleg, seier han.

Mykje for ungane

Fleire av dei betente hyttene til DNT har eigne aktivitetsleiarar- og rettleiarar i påska. Aktivitetsleiarane tar barna med på skileik, skiturar, snøholegraving, aketurar og annan moro både ute og inne. Aktivitetane passar for barn frå rundt 4 år med vaksenfølgje.

Artikkelen held fram under biletet.

Historisk bilete frå Gjendesbu i Jotunheimen påska 1963.
Historisk bilete frå Gjendesbu i Jotunheimen påska 1963.

Desse hyttene har aktivitetar for barn: Sota Sæter, Finsehytta, Liomseter, Fondsbu, Bjørnhollia, Rondvassbu, Gjendesheim, Iungsdalshytta, Svukuriset, Preikestolen Fjellstue, Haukeliseter Fjellstue og Kalhovd.

I tillegg vert det arrangert familieturar til ubetente og sjølvbetente hytter som Alexander Grieghytten i Bergsdalen og Ådneram i Ryfylkeheiene, og mange andre Barnas Turlag-aktivitetar.

Utan foreldre

DNT ung arrangerer også aktivitetar for tenåringar som ikkje vil på familietur med foreldre og småsøsken.

DNT ung Sogn og Fjordane lovar miniskredkurs, toppturar, snøholegraving og mykje moro. Det blir elles toppturcamp i Jotunheimen med DNT ung Oslo og omegn. DNT ung Haugesund har påsketur for ungdom over Hardangervidda.

Hytte til hytte

Fellesturar frå hytte til hytte i påska er populært for vaksne. Det skal framleis vere ledige plassar på langturar med DNT i til dømes Trollheimen, på Hardangervidda, i Jotunheimen og i Breheimen.

Også nærturar

På nettstaden dnt.no går det an å finne oversikt over DNTs turar og aktivitetar. Og ein treng ikkje nødvendigvis dra til fjells. I påsken er det også mange nærturar, som trilletur, sykkeltur, tur i fjæra, fyrtur, familietur og mykje anna.

På nettstaden ut.no kan du søkje på ubetente, sjølvbetente og betente hytter og finne ei hytte som passar.

<p>(©NPK)</p>

Til toppen