GRILLGLEDE: Start utandørsgrillinga i påsken! Foto: Carl Martin Nordby.
GRILLGLEDE: Start utandørsgrillinga i påsken! Foto: Carl Martin Nordby.

Påskekylling på grillen

Sukkersalting gjer like store underverk med kyllinglåra som påskeegg gjer med ungane. Dei blir sprø, spretne og heilt til å eta opp.

  • Endret

Det er låra som er best på kyllingen. Utbeina og dyppa i sukker-/saltlake får dei den perfekte behandlinga før grillinga. Denne laken stabiliserer væska i kjøtet, gjev smak og gjer kjøtet fantastisk mørt. Samtidig tek skinnet vare på evna til å bli magisk sprøtt og godt!

Til dette perfekte kyllinglåret passar det aller meste å ha til. Å laga nanbrød er både enkelt og gøy, og dei nysteikte brøda er nesten eit måltid i seg sjølv. Deigen blir rørt saman i ein fei og kan brukast rett etter heving, men sluttresultatet blir vesentleg betre viss du har høve til å la deigen stå kaldt over natta.

CHILIMAJO: Perfekt og enkelt å servera til påskekyllingen.
CHILIMAJO: Perfekt og enkelt å servera til påskekyllingen.

Fasongen på brøda bestemmer du heilt sjølv. Dei kan lagast i ei stor steikjepanne eller ein veldig varm omn. På grillen min følgjer det med ein pizzastein, han er heilt perfekt til å baka dei på. Med denne metoden får du den umiskjennelege smaken av kol/ved i tillegg til svidd mjøl. Du kan kjøpa ok nanbrød i butikken, men desse har ikkje den mjuke og litt seige konsistensen inni som nylagde nanbrød får.

Som saus kan ein bruka yoghurtdressingar eller ein majones med litt fart i. Ein grøn chilimajones med masse salt og lime fell i smak hos alle som likar litt sterk mat.

Grøn chili er berre vanleg cayennechili som ikkje har blitt raud enno. Smaksmessig er den grøne, ikkje overraskande, noko meir bitter og "grøn" i smaken, litt som eplekart versus modent eple. Skalet på chilien skal sviast av før bruk, gjerne med ein skibrennar eller eit gassbluss. Deretter er det stavmiksaren som gjeld.

På tallerkenen så langt har vi noko sprøtt, noko mjukt, noko feitt, noko syrleg og noko spicy. Då manglar det berre noko søtt og litt spreke fargar. Det sjølvskrivne valet er mango, nasjonalfrukta til India. Kutt ein moden mango i terningar og dryss over friske grøne korianderblad.

Framgangsmåte

Rør saman iskaldt vatn med salt og sukker til det går i oppløysing. Tørk av låret med papir når du tek det ut av pakken. Då ligg det roleg på fjøla under utbeininga. Legg låret med skinnet ned og bruk ein skarp liten kniv til å skjera ut beinet. La kjøtet liggja i laken i 2 timar i kjøleskap. Ta det ut og la det liggja 10 minutt på tørkepapir. Låret treng ikkje krydder før grillen.

Artikkelen held fram under biletet.

PASS PÅ: Kyllingen må ikkje bli heilt svidd utanpå før han er gjennomsteikt. Bruk moderat varme.
PASS PÅ: Kyllingen må ikkje bli heilt svidd utanpå før han er gjennomsteikt. Bruk moderat varme.

Legg låret med skinnet ned på ein passe varm grill. Det er viktig at det ikkje er for varmt, då svir skinnet seg før kyllingen er gjennomsteikt. Flytt gjerne litt rundt på låra etter temperaturen i grillen, men unngå å snu dei. Eg grillar alltid låra 95 % ferdige med skinnsida ned. Det siste minuttet snur eg låret. Heile prosessen tek ca. 15 minutt.

Nanbrød: Lun mjølka og rør ut gjær. Bland deretter inn yoghurt. I ein bakebolle blandar du mjøl, bakepulver, nigellafrø (kan sløyfast), salt og sukker. Start maskinen på lågt tempo og hell i mjølk/yoghurt og eit heilt egg. Elt i 5 minutt til ein klumpfri deig. Legg deigen i ein brødpose og set han til heving i kjøleskapet over natta viss du har tid. Eller berre hev deigen i bollen på benken i ca 1 time. Del deigen i emne på 100 g, rull dei til ballar og klem dei litt flate. Bruk rikeleg med mjøl. La dei liggja 20 minutt, og press og dra dei ut med hendene. Når leivane er ca 1 cm tjukke, legg du dei på bakepapir. Børst av overflødig mjøl og pensla med smelta smør. Legg leivane på steinen/panna/brettet og la dei steikja til dei har fått fin farge. Snu dei og la dei få fin farge på den andre sida også. Heile steikjeprosessen tek 7–10 minutta. Pensla med meir smelta smør og dryss over hakka koriander.

SKIBRENNAR: Sjølv om du ikkje går på ski i påsken, kan du alltids bruka skibrennaren til noko nyttig. Her er det chiliane som blir svidde av.
SKIBRENNAR: Sjølv om du ikkje går på ski i påsken, kan du alltids bruka skibrennaren til noko nyttig. Her er det chiliane som blir svidde av.

Chilimajones: Legg chilien i ei jernpanne og fyr opp skibrennaren. Svi alle chilien godt rundt heile, dette tek ca 3 minutt. Legg dei til avkjøling i litt plastfolie. Ta ut chilien og skrap av skalet med ein kniv. Pirk ut steinane og kutt av stilken. Legg chilien i eit mikseglas saman med olje, lime, sennep og salt. Knekk egget oppi til slutt slik at det fell ned til botnen. Før stavmiksaren forsiktig ned til botnen og start mikseprosessen med å "pulsa" forsiktig. No blir det danna ein tynn majones i botnen, samtidig som chilien blir most. Mens du no miksar heile tida, løftar du stavmiksaren forsiktig oppover i olja. Når du er på toppen, har du ein fyldig lysegrøn, sterk og frisk chilimajones.

Himmelsk dryss: Skrell mangoen og skjer kjøtet i terningar. Riv eller grovhakk korianderen med stilken på. Dryss over retten til slutt.

(©NPK)

Til toppen