QUIZ: Desse bileta har med fire av spørsmåla i Porten.no sin  påskequiz å gjera. Foto: Bård Baasberg/Ole Ramshus Sælthun/ privat
QUIZ: Desse bileta har med fire av spørsmåla i Porten.no sin  påskequiz å gjera. Foto: Bård Baasberg/Ole Ramshus Sælthun/ privat

Påskequiz: Har du god lokalkunnskap?

Porten.no sin påskequiz gir deg fem spørsmål frå kvar av kommunane Årdal, Sogndal, Lærdal og Aurland. Det hjelp å ha fulgt med på Porten.no siste halve året.

Du kan sjølvsagt berre testa deg sjølv, men du kan også delta i ein rimeleg uformell konkurranse ved å senda inn dine svar på Porten.no sin påskequiz til ors@porten.no - frist er klokka 24.00 2. påskedag. 

Den første som sender inn tjue rette svar blir vinnar. Har ingen alt rett, vinn den med flest rette. Har to eller fleire flest og likt mange rette blir det loddtrekning mellom desse. Premie blir det og, men kva det er held me som ei overrasking inntil vidare. Vinnar blir kåra under første Podkast etter påske. Fasit blir lagt ut tysdag etter påske.

Det er fem spørsmål i fem kategoriar frå dei fire kommunane me primært dekkjer. Vel bekomme!

Årdal:

1. Politikk: Kva politikarar bad Aleksander Øren Heen (Sp) kommunestyret vurdera habiliteten til då saka om budsjettet og rekneskapen til Årdal Utvikling var oppe i siste kommunestyremøte før påske?

2. Næringsliv: Kva arkitektkontor har teikna eit framlegg til korleis eit nytt utsynspunkt på toppen av Vettisfossen kan sjå ut med bålplass, minimuseum og svalgang?

3. Kultur: Kva artist under årets Målrock slo gjennom med hiten "Ring meg"?

4. Natur: Kven var først på den høgaste toppen i Årdal kommune?

5. Sport: Kor mange poeng enda årdalsdamene opp med i si avdeling i 4. divisjon i den nyleg tilbakelagte handballsesongen?

Sogndal:

1. Politikk: Kva entreprenør krev Sogndal kommune for ein større sum fordi entreprenøren og kommunen ikkje blir einige om prisen på det ferdige arbeidet denne entreprenøren har gjort med Fjordstien?

2. Næringsliv: Kva heiter sogndølen som var med på å starta opp firmaet Amok Equipments - eit firma som satsar stort på friluftshengekøyer?

3. Kultur: Kven stakk av med Luttprisen 2016?

4. Natur: Sogndalsfirmaet SGNskis utviklar topptur- og offpisteski. Den eine skimodellen deira er kalla opp att etter ein kjend fjelltopp i Sogndalsdalen. Kva heiter toppen (og skimodellen)?

5. Sport: Kven er etter tre serierundar toppscorar for Sogndal?

Lærdal:

1. Politikk: Kva heiter gruppeleiaren i Lærdal senterparti?

2. Næringsliv: Det har vore mykje tale om pelletsfabrikken SIMAS vil byggja i Lærdal. Hallvard Thomassen er dagleg leiar i både SIMAS Næring og morselskapet SIMAS IKS. Men kven er styreleiar i sistnemnde?

3. Kultur: Jordeplerock har eit lite jubileum i år. Kor mange år har festivalen eksistert?

4. Natur: Kva er den nest høgaste fjelltoppen i Lærdal kommune?

5. Sport: I kva idrett tok Erik Trulssen NM-gull palmehelga?

Aurland:

1. Politikk: Kva heiter varaordføraren i Aurland?

2. Næringsliv: Kva heiter nettverket beståande av kvinnelege leiarar innanfor reiselivet i Aurland?

3. Kultur: Tre artistar/band står på scena på bryggja i Undredal 15. juli? Kva heiter den av desse artistane som kjem frå Sogn og Fjordane?

4. Natur: Denne fjelltoppen er det både tale om å laga ei gondolbane til, og ein tur på denne toppen ligg inne som eitt av elementa i "verdas finaste fottur" kåra av The Telegraph i februar. Kva heiter fjelltoppen?

5. Sport: Kva heiter boksaren som tok med seg ein sølvmedalje heim til Aurland frå boksestevnet "King of the ring" i Sverige rett før jul?

Til toppen