PÅSKESOL: Påskesola kan vera like skadeleg som sommarsola, og Kreftforeningen oppmodar folk om å bruka rikeleg med solkrem. Foto: Jonny Asperheim.
PÅSKESOL: Påskesola kan vera like skadeleg som sommarsola, og Kreftforeningen oppmodar folk om å bruka rikeleg med solkrem. Foto: Jonny Asperheim.

Påskesol kan vera like sterk som sommarsol

Skal du til fjells eller på solferie i påsken? Kreftforeningen oppfordrar deg til å hugse solbeskyttelse, for UV-strålane kan ofte vera sterkare enn du trur.

I fjellet i Sør-Noreg kan sola i påsken bli like intens som sola på Sørlandet i starten av juni, opplyser Kreftforeningen. Refleksjon frå snø kan auka UV-nivået med opp til 50 prosent. 

Skal du sørover på solferie, burde du hugsa at solstrålane er sterkare jo nærare ekvator ein er. Brukar du påsken til å få båten på vatnet, burde du dessutan hugsa at refleksar frå bølgjer og sjøsprøyt gjer at UV-strålande blir meir intense enn på land.

Over halvparten av nordmenn oppgir at dei blir solbrent kvart år. Noreg er blant dei land i verda som har flest tilfelle av føflekkreft.

Dette er ein kreftform som me veit korleis me kan førebygga, seier generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen.

– Det handlar ikkje om at me skal unngå sola heilt, men hugs å ta nokre pausar frå dei sterkaste solstrålande og å vera raus med solkremen. Dette rådet gjeld folk i alle aldrar, for huda gløymer ikkje solskadar, dei vert samla opp og kan på sikt føra til hudkreft, seier ho. (©NTB)

Til toppen