GRÅTT: Vestlandet kan vente seg nedbør stort sett alle dagar i påska. Med andre ord er det tvilsamt at ein får forhold som vist på biletet. Foto: Jonny Asperheim.
GRÅTT: Vestlandet kan vente seg nedbør stort sett alle dagar i påska. Med andre ord er det tvilsamt at ein får forhold som vist på biletet. Foto: Jonny Asperheim.

Påskevêret blir best i sør og aust

Sør- og Austlandet får det beste påskevêret, mens Midt-Noreg blir vêrtaparen med lågare temperaturar og nedbør neste veke.

Årdal/Lærdal: – Gjennomgangsmelodien er at det blir for det meste pent på Sørlandet og Austlandet, men temperaturen blir ikkje like høg som tidlegare denne veka, seier vakthavande meteorolog Håkon Mjelstad ved Meteorologisk institutt til NTB.

Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg kan vente seg nedbør dei fleste dagane. I Møre og Romsdal og Trøndelag kjem nedbøren som regn på kysten.

– Men du skal ikkje så langt innover landet før det fell som snø, seier Mjelstad.

Meteorologen legg til at påska i år blir kaldare enn kva mange er vande til, men at dette i hovudsak heng saman med ei tidleg påske. (©NPK)

Til toppen