GLATT: Det har regna dei siste dagane, og med lågare temperaturar kan det fryse på somme stader. Foto: Jan Christian Jerving. 
GLATT: Det har regna dei siste dagane, og med lågare temperaturar kan det fryse på somme stader. Foto: Jan Christian Jerving. 

Pass opp, det kan vere glatt

Ein bil havna i grøfta i morgontimane torsdag. Det kan vere glatt. 

Indre Sogn: Ein uheldig bilist havna i grøfta torsdag morgon ved innkøyringa til Lærdal sjukehus. Etter dagar me litt varmare temperaturar, vert det no kaldare inn mot helga. Somme stader kan det difor vere glattare enn det ser ut til.

Det dårlege vêret har gjort at fylkesveg 55 Sognefjellet er stengt. Her vert det gjort ei ny vurdering klokka 14.00.

Elles ser det greitt ut på fjellovergangane mot aust. Alle stader vert det meldt om rolege forhold, minusgrader og snødekke. 

Det som kom som regn i låglandet har gitt mykje snø i fjellet, noko webkamera til Vegvesenet syner her på fylkesveg 53.

Artikkelen held fram under biletet.

KVITT: Som biletet syner, er det kome ein del snø i fjellet.
KVITT: Som biletet syner, er det kome ein del snø i fjellet.

På den same strekninga pågår det vegarbeid i dag. Det er manuell dirigering frå mellom 07.00 fram til 18.00.

Også på fylkesgrensa skal det pågå noko vegarbeid. Det kan gi forsinkingar på ein time i perioden 10.00 til 15.00 torsdag.

Til toppen