GLATT: Kalde temperaturar kan gje glatte vegar enkelte stader, og politiet ber folk køyre varsamt.
GLATT: Kalde temperaturar kan gje glatte vegar enkelte stader, og politiet ber folk køyre varsamt.

– Pass opp for glatte vegar

Kalde temperaturar kan gje vanskelege køyreforhold.

Årdal/Lærdal: I natt har gradestokken krope ned mot null grader fleire stader. Enkelte stader der vegen har vore fuktig kan det gje glatte vegar.

Difor ber politiet trafikantar om å vere obs på køyreforholda. På Twitter skriv dei følgjande:

– Tenk på at vegane kan vere glatte, og køyr varsamt. Hugs også å skrape all isen på vindauga.

Hugs at du når som helst kan sjekke vêret der du er HER.

Til toppen