PASS DYRA: Mattilsynet oppmodar dyreigarar om å passe ekstra på husdyra i vinterkulda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PASS DYRA: Mattilsynet oppmodar dyreigarar om å passe ekstra på husdyra i vinterkulda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Pass på dyra i vinterkulda

Dyreeigarar må passe ekstra godt på dyra sine no på vinteren, oppfordrar Mattilsynet. Kjæledyret kan få frostskadar eller luftvegsinfeksjonar i kulda.

Årdal/Lærdal: Låge temperaturar kombinert med vind, og regn eller sludd rundt 0 grader, er særleg kritisk når det gjeld varmetap, seier seksjonssjef Nina Brogeland Laache i Mattilsynet.

– På kalde dagar bør du for eksempel unngå å forlate ein hund utandørs mens du er på jobb eller på kafé eller kjøpesenter, seier ho.

I tillegg treng mange dyr ekstra mat og vatn i samband med kuldeperiodar, seier ho.

Laache ber også dyreeigarar sørgje for at dyra får tilgang til tilstrekkeleg ly og varme.

– Alle dyr som blir haldne ute store delar av døgnet – ikkje ved kortvarig lufting – skal til kvar tid kunne søkje ly og finne turr og lun liggjeplass. Dyra skal vere tilpassa utelivet. Berre tilpassa og robuste rasar av storfe og hest eignar seg godt til uteliv på vinteren sidan dei har vern i ekstra dekkhår. (©NPK)

Til toppen