SKUMMELT: Desse isklumpane mellom Øvre Årdal og Årdalstangen har Vegvesenet fått ut av vegbana, men det kan gå noko tid frå isen fell ned til mannskapet frå Vegvesenet får gjort noko med det. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
SKUMMELT: Desse isklumpane mellom Øvre Årdal og Årdalstangen har Vegvesenet fått ut av vegbana, men det kan gå noko tid frå isen fell ned til mannskapet frå Vegvesenet får gjort noko med det. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Pass på isklumpar i vegbana

Krevjande køyretilhøve i morgontimane tysdag. Sognefjellet er dessutan stengt og på austsida av fjellet er det så glatt at ein også kan få problem med vinterdekk

Årdal/Lærdal: Omslag til mildare vêr gjer at vatn som har vore frose i bratte fjellsider no slepp tak og fell ned i vegbana i form av isklumpar. På riksveg 53 mellom Fodnes og Øvre Årdal ligg det mange stader is langt ut i vegbana i morgontimane tysdag - nokre stader også stein.

– Dei har sine rundar på morgonen og utover dagen, samt ut frå meldingar me får inn. Slik veret er no må ein berre venta at det vil falla ned is innimellom, seier trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen i Lærdal, Jan Erikstad.

Dette gjeld særskild om ein køyrer frå Fodnes mot Årdal ettersom vegbana lengst inn mot fjellveggen er mest utsett.

Underkjølt regn på austsida av fjellovergangane

Statens Vegvesen melder også at Sognefjellet er stengt og at det generelt er vanskelege køyretilhøve på fjellovergangane, særskild på austsida.

​– På Austlandet er det veldig mykje underkjølt regn. Både Strynefjellet og Sognefjellet er stengt, det skal sandast mykje og nokre bilar som har køyrd av vegen må ein få opp att - det seier noko om alvoret i det.

– Det er glatt også om ein kjem over Hemsedalsfjellet og Filefjell? 

Ja på austsida er det veldig glatt, både i Oppland og Buskerud. No er det tøft nok med piggdekk, seier Erikstad.

Mykje hjort i skumringstimane

Ein skal også vera merksam på hjort når ein køyrer til og frå jobb - hjort krysser gjerne vegbana i skumringstimane på veg til og frå beite. Særskild rundt Vikadalen i Årdal og rundt Tønjum i Lærdal er det observert mykje kryssande hjort siste dagane.

Til toppen