GLATT: Fleire har trøbbel med det glatte føret som er på fjellovergangane torsdag ettermiddag. Foto: Porten.no-tipsar. 
GLATT: Fleire har trøbbel med det glatte føret som er på fjellovergangane torsdag ettermiddag. Foto: Porten.no-tipsar. 

Pass på – såpeglatt i fjellet

Fleire vogntog har køyrt utfor på fjellovergangane torsdag kveld. Vegvesenet ber folk sko seg riktig før dei legg ut på vegane. 

Årdal: Mellom anna køyrte eit vogntog av vegen på Filefjell torsdag ettermiddag. Nedbør som frys på vegen gjer at det er såpeglatt i fjellet. 

– I heile dag har det regna på alle fjellovergangane. Regnet har frose til is når det treff vegbana, noko som har ført til eit tynt islag og gjer det vanskeleg å køyre, seier Roger Nedberge Hille i Statens vegvesen til Porten.no.

KAOS: Ein tipsar Porten.no har hatt kontakt seier det er kaos på Tyinkrysset.
KAOS: Ein tipsar Porten.no har hatt kontakt seier det er kaos på Tyinkrysset.

Når det galdt vogntoget som køyrde utfor på Filefjell, var det ingen personskade her. 

Hille fortel at fleire har hatt trøbbel på vegane på grunn av det glatte føret og det vert jobba med berge desse. 

– Når regn frys på bakken slik, er det noko ein knapt kan forutsjå. Det slår til ganske fort. Sjølv om entreprenørane er ute og driv med preventiv strøing, er det vanskeleg å vere på heile strekninga samstundes, seier han.

Oppmodinga er difor klar dersom du skal ut på vegen.

– Første bod er å vere rett skodd. Deretter å tilpassa farten etter forholda og ikkje ta unødvendige sjansar. Det er ofte dei som skal presse seg forbi andre som endar opp i grøfta. 

Til toppen