HAR TRUA: Terje Laberg i Årdal Utvikling er med på å jobbe fram hydrogen-prosjektet til Østfold Energi. Han har god tru på planane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
HAR TRUA: Terje Laberg i Årdal Utvikling er med på å jobbe fram hydrogen-prosjektet til Østfold Energi. Han har god tru på planane. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Passar godt inn i industrisatsinga til Årdal

Det seier dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, om planane Østfold Energi har for Dooria-bygget. 

Årdal: I lang tid har han jobba saman med Østfold Energi og sett på planane om ein hydrogenfabrikk i Dooria-bygget, som NRK omtalte måndag.

– Grunnen til at me synest dette er interessant, er fordi det passar inn i industrisatsinga som Årdal har lagt med tanke på at me skal satse fornybart, bruke vasskrafta vår og vere ein del av det grøne skiftet, seier Laberg.

Slik sett trur han hydrogensatsinga vil vere midt i blinken i ei bygd som allereie har ein solcellefabrikk og aluminiumsfabrikk – begge med stort fokus på det grøne skiftet.

Spår same utvikling som solcelle

Planen til Østfold Energi er å nytte kraftstasjonen dei eig i Naddvik til dette føremålet. Straumen som vert produsert her, skal nyttast til å elektrolysere vatn slik at ein skil hydrogen og oksygen. 

– Me trur det grøne skiftet representerer ei voldsom utvikling for fornybar energi. Me trur òg at Årdal og Sogn og Fjordane kan melde seg på i ei slik utvikling viss me gjer alt rett. Ser me på sol, har det ein eksponentiell vekst. Ein kan knapt sjå enden på det eventyret, og hydrogen kjem til å få same utvikling, seier Laberg.

Timing av marknaden

Over heile verda vert det jobba med klimavenlege tiltak, der bruken av fossile brennstoff skal ned og bruken av fornybar energi skal opp. Dei siste åra har marknaden innanfor solcelleproduksjon verkeleg byrja å få fart på seg. No er spørsmålet når vil det same skje for hydrogen.

– Utfordringa er kva fase hydrogensatsinga ligg i. Når kjem marknaden og korleis skal produksjonen timast? Det er dei vanskelege spørsmåla, meiner Laberg, som er sparsommeleg med informasjon.

Han vil mellom anna ikkje spekulere i kor mange arbeidsplassar dette vil gi, men er klar på at dette er noko Årdal Utvikling no jobbar intenst med.

– Årdal Utvikling har lagt frå seg alle andre industriprosjekt og bestemt oss for verkeleg å få til dette. Me trur det er eit rett prosjekt for Årdal, men om det er eit rett prosjekt for investorane, kjem an på når me får sjå lønsemd og risiko.

Til toppen