UROA: Ein passasjer var uroa for manglande smittevern etter å ha teke ferja på sambandet Lavik – Oppedal i sommar.
UROA: Ein passasjer var uroa for manglande smittevern etter å ha teke ferja på sambandet Lavik – Oppedal i sommar. (Illustrasjonsfoto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Passasjer sende bekymringsmelding om manglande koronatiltak

Ein passasjer på ferjesambandet Lavik – Oppedal meiner koronatiltak ikkje vert overhaldne på ferjene og at folk står som «sild i tønne» når ferja er full, melder Firda.

Lavik/Oppedal: Kommuneoverlege i Sunnfjord kommune, Øystein Furnes, har motteke ei bekymringsmelding frå ein passasjer som tok ferja på sambandet Lavik – Oppedal i sommar, skriv Firda. 

I meldinga kjem det fram at passasjeren var misnøgd med smitteverntiltaka på ferja. 

– Når ferja er full og folk står som sild i tønner for både toalettbesøk, samt handel i kiosk i ein tarm som er knappe to meter brei, då lurer eg på kva opplegg dei har for å unngå smitte, står det i meldinga. 

Personen opplevde blant anna at folk ikkje overheldt éin-metersregelen i toalettkøen. Då vedkommande valde å gå på toalettet når ferja nærma seg land, var det tomt for såpe, noko å tørke seg på og handsprit utanfor toalettet. 

Norled seier i eit svar til Firda at dei tek saka seriøst. 

– Viss personen oppfattar at det ikkje er reint på toaletta, så er dette noko vi tar veldig seriøst. Det har skjedd tidlegare at det ikkje er bra nok reinhald, og vi har tatt det opp fleire gonger. Det har kanskje sklidd ut igjen, og dette er noko vi må undersøke, fortel Regionsjef for ferjer nord i Norled, Inge Andre Utåker, til avisa. 

Ferjeselskapet oppmodar folk om å sitje i bilane under overfarten og viser til at det i kiosken er hengt opp plakatar om korleis folk skal stille seg. 

Til toppen