VIKTIG TILBOD: I fem år har Paviljongen vore eit viktig tilbod for fødande i Indre Sogn. Her får kvinner oppfølgjing i svangerskapet og eit barseltilbod etter fødsel. – me føler me gjer ein viktig jobb sjølv om me ikkje har fødslar, seier einingsleiar Sigrid Lysne (t.h.). Her saman med kollega Ann Langström. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VIKTIG TILBOD: I fem år har Paviljongen vore eit viktig tilbod for fødande i Indre Sogn. Her får kvinner oppfølgjing i svangerskapet og eit barseltilbod etter fødsel. – me føler me gjer ein viktig jobb sjølv om me ikkje har fødslar, seier einingsleiar Sigrid Lysne (t.h.). Her saman med kollega Ann Langström. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Paviljongen gir nye sogningar ein god start på livet

Då fødetilbodet forsvann for godt i 2011 ved Lærdal sjukehus, kom jordmødrene i regionen opp med eit godt tilbod. I år er det fem år sidan Paviljongen opna dørene.

Lærdal: – Det var jordmødrene som var pådrivarar og følte me var nøydde til å stabla noko på plass. Primæroppgåva skulle vere god svangerskapsomsorg, der me måtte tenkja litt annleis med lengre reisetid. Så måtte ei trygg følgjeteneste vera på plass, og for å utnytte tida endå betre la me til eit barseltilbod.

Resultatet vart Paviljongen, eit slags jordmorsenter der dei tilbyr svangerskapsomsorg, følgjeteneste til næraste fødeavdeling og barseltilbod så lenge foreldra har behov for det. I 2012 opna eininga dørene for første gong.

Ein av dei som var med på å jobbe fram denne løysinga, er einingsleiar Sigrid Lysne. Fram til 2011 hadde Lærdal hatt ei forsterka fødestove med beredskap for keisarsnitt. Slik var det frå 2004 då fødeavdelinga vart lagt ned. 

Måtte ha tilbod for kvinner i Sogn

Etter kvart ville Helse Førde også leggje ned den forsterka fødestova og heller etablere ei jordmorfødestove for normalfødslar. Slik vart det ikkje, og plutseleg låg det an til at heile tilbode skulle leggjast ned.

– Eg jobba i kommunen då som helsesøster. Då vedtaket kom, fekk eg litt panikk og tenkte «Kva kan me tilby kvinnene i Indre Sogn?». Me kunne ikkje berre leva i eit vakum, men ha skikkeleg beredskap og ta hand om dei, fortel Lysne.

– Eg snakka mykje med kommunejordmora i Årdal, og me fann ut at me måtte få på plass noko. Så me jobba litt med dette, las gjennom rettleiarar og fann fram til denne modellen.

Gode tilbakemeldingar

Dei prøvde seg først med ei jordmorstyrt fødestove, men fekk beskjed om at dette vart for skjørt. Då denne modellen vart lagt fram, gjekk det berre eit par møte, så vart det bestemt at dette skulle Helse Førde gå inn for. 

– Alternativet ville vore at jordmødrene reiser på heimebesøk, slik det er i byane. Me fann ut at dette er meir effektivt, og me trur dette er eit betre tilbod. Det trur eg me skaut blink på, sjølv om me framleis kan kome på heimebesøk dersom nokon ønskjer det.

Tilbakemeldingane i løpet av dei siste fem åra har vore nærast utelukkande positive. Det er faktisk ein modell som vekker litt oppsikt. I Nordfjordeid har dei gått for same løysinga etter at fødeavdelinga vart lagt ned der. Tilbodet er faktisk så godt at enkelte køyrer forbi huset sitt for å vere nokre dagar på Paviljongen før dei reiser heim att.

– Me blir jamnt godt brukt av folk frå heile Sogn. Omtrent halvparten av brukarane kjem frå andre sida av fjorden. Det er fint. Fødselsomsorgen er i stadig endring, der liggetida har gått veldig ned. Det er greitt å reise heim tidleg og få oppfølgjing i kommunane, men mange seier at viss dei får lov, så blir dei gjerne verande litt lengre. 

Førebyggjande effekt

På Paviljongen ved Lærdal sjukehus er det berre friske babyar og mødre som får koma. Det viser seg at tilbodet har ein god førebyggjande effekt. Det gir foreldre og nyfødde ein god start på livet.

– Dessutan avlastar jo både Lærdal og Nordfjordeid både fødeavdelinga i Førde og på Voss, men også kommunane. Då kan til dømes Førde ta betre hand om dei som treng den type ekspertise. 

Ikkje truga

Tilbodet er eit spleiselag mellom kommunane i Indre Sogn og Helse Førde, som samarbeider tett om tenesta. I ei tid der effektivisering og samanslåing stadig er aktuelt, har det vore «mistenkeleg stilt» rundt Paviljongen, smiler Lysne.

– Me har ikkje vore nedlagt ein einaste dag på desse fem åra. Det må vera ny personleg rekord, ler ho.

– Me driv billigt. Me må ha ein svangerskapsomsorg, og Helse Førde må uansett ha ei følgjeteneste. Når me tek unna ein del i barsel også, så spararme sengekapasitet i Førde. Per i dag er me ikkje truga, men me må alltid tenkje nytt. Det er kvinnene me er her for, og om kvinnene vil ha noko anna om tre år, må me tilpassa oss, seier ho.

Lysne seier dei også lykkast bra med å halde transportfødslar på eit minimum, nettopp på grunn av den gode oppfølgjinga dei kan gi kvinner som ventar barn. Ho seier dei også har god rekruttering sjølv om dei ikkje har fødslar.

– Me trivst veldig godt med dette og føler me gjer ein viktig jobb sjølv om me ikkje har fødslar. I nauden har me kompetanse til å ta imot, og elles føler me at me har ein grei, utfordrande og viktig jobb med å trygga kvinnene, og det trur eg me skal klara i mange år framover.

Til toppen