Ein påvist smitta i Vik, og to friskmelde i Sogndal

Ein påvist smitta i Vik, og to friskmelde i Sogndal

I går vart det bekrefta at ein person i Vik kommune har fått påvist koronosmitta.

Vik: I går kveld fekk dei bekrefta at ein person i Vik har påvist koronosmitta.

– Eg føler Vik har vore veldig flinke med å ta ansvar og hjelpe til at det ikkje sprer seg, men at me har fått eit tilfelle er ikkje overraskande, seier ordførar Roy Egil Stadheim til Porten.no

På grunn av personvern kan han ikkje seie noko om den smitta.

Det var Sogn avis som først melde saka.

To friskmelde i Sogndal

I Sogndal er det framleis berre to personar som har fått påvist smitte, og begge er friskmelde

– Den eine er ute av isolasjon og den andre har byrja på dei siste sju dagane av isolasjon etter symptomfriheit og friskmelding. Det er ingen per no som er innlagde, seier Jan Ove Tryti, tenesteleiar for legetenester og legevakt i Sogndal kommune til Sogn Avis. 

Til toppen