10.PLASS: Peder Øyre frå Sogndal klatra heilt opp på 10.plass i poker-NM.
10.PLASS: Peder Øyre frå Sogndal klatra heilt opp på 10.plass i poker-NM. (Foto: Alin Ivanov)

Peder Øyre (20) frå Sogndal vart nummer ti i poker-NM

Den unge sogndølen imponerte i poker-NM.

Sandefjord: Av totalt 1782 påmelde, klarte Peder Andreas Torgersen Øyre, som yngstemann av dei attverande, å kapra tiandeplassen i hovudturneringa i poker-NM. 

Øyre var ein av dei to deltakarane frå Indre Sogn som kom langt i hovudturneringa. Ole Einar Rebni frå Kaupanger kom på 13.plass.

Før fjerde dagen av turneringa braka laust, var Øyre den som hadde femte mest sjetongar av dei elleve spelarane som var att.

Førstepremien for hovudkonkurransen var på heile 1,3 millionar kroner, men blikkenslageren frå Sogndal kunne reisa heim med 80.000 kroner i lomma. Langt ifrå ein dårleg prestasjon.

Øyre ønskja ikkje å kommentera saka.

Til toppen