UEINIG: Anna Avdem (SV) vart skuffa då ho såg den reviderte utgåva av informasjonsplanen som var oppe til behandling i kommunestyret 7. mai. Foto: Ina Eirin Eliassen
UEINIG: Anna Avdem (SV) vart skuffa då ho såg den reviderte utgåva av informasjonsplanen som var oppe til behandling i kommunestyret 7. mai. Foto: Ina Eirin Eliassen

Peikar på svakheiter i informasjonsplanen for kommunen

– Eg vil ikkje vera med å vedta informasjonstrategien slik den er i dag. Dette er ikkje ein informasjonsplan for Lærdal kommune, seier Anna Avdem (SV). 

Kommunestyret i Lærdal set no ned eit adhocutval med Stein Vidar Nemeth (Sp), Anna Avdem (SV) og Geir Berge Øverland (Ap), for å justere informasjonsstrategien til Lærdal kommune. Den skal leggast fram på nytt i kommunestyremøtet i juni. 

Det vart samrøystes vedteken etter eit kort gruppeleiarmøte som enda med framlegg frå Øverland (Ap) under sist kommunestyremøte 7. mai.

Har vore oppe før

Informasjonstrategien for Lærdal kommune var oppe til behandling i kommunestyret i desember 2014, men vart då sendt attende til administrasjonen til vidare bearbeiding. Tilrådinga frå rådmannen no i mai, var at kommunestyret vedtek den reviderte utgåva av strategien som vart vedteken av omstillingsstyret, men tilpassa kommunen. 

Du finn informasjonsplanen som vart lagt fram i mai 2015 her. 

Informasjonstrategien skildrar korleis Lærdal kommune og Lærdal næringsutvikling skal drive informasjons- og kommunikasjonsarbeid. Då Lærdal i 2012 fekk omstillingsstatus, set det krav til at alle omstillingsområde skal ha ein klar og gjennomførbar plan for informasjon- og kommunikasjon. 

Vil ha endringa for Helg og Kvardag

Ordførar Jan Geir Solheim ville setje fokus på eitt punkt i informasjonstrategien og spør kva kommunestyret vil med informasjonsbladet Helg og Kvardag.

FLEIRE OG MEIR INNHALD: Helg og Kvardag, informasjonsbladet i Lærdal kommune, kjem no ut tre gonger i året.
FLEIRE OG MEIR INNHALD: Helg og Kvardag, informasjonsbladet i Lærdal kommune, kjem no ut tre gonger i året.

– Skal det vera historier om kva som har skjedd eller skal bladet informere innbyggarane? Er det tre utgåver i året kommunestyret vil ha, spør Solheim.

Anna Avdem (SV) meiner Helg og Kvardag skal vera eit informasjonsblad og ikkje berre innehalde referat. Ho blir støtta av Bente Øien Hauge (uavhengig representant) som ønskjer seg meir reportasjer frå lag og organisasjonar, slik at bladet blir levande og opent for bygda. 

Geir Berge Øverland (Ap) tykkjer tre utgåver av Helg og Kvardag er for lite. 

– Eg les Helg og Kvardag med stor interesse. Det bør vera minst 5 utgåver i året, seier Øverland. 

Rådmannen i Lærdal, Alf Olsen jr., seier at om ein ønskjer å auke talet på utgåver av Helg og Kvardag, vil det ha ein budsjettmessig konsekvens og ein må trygge finansiering. Kommunen klarar tre utgåver slik som no innanfor budsjettramma.

Skuffa over endringane

Bente Øien Hauge (uavhengig representant) er skuffa over at det ikkje er større endringar i informasjonsplanen enn sist.

FLYTANDE PLAN: Bente Øien Hauge (uavhengig representant) peikar på fleire svakheiter ved informasjonsplanen for kommunen.
FLYTANDE PLAN: Bente Øien Hauge (uavhengig representant) peikar på fleire svakheiter ved informasjonsplanen for kommunen.

Sjølv om ho peikar på gode enkelttiltak i planen, saknar ho avklaring av omgrep som informasjon, kommunikasjon, omdømme og målgruppe, i tillegg til å skille mellom informasjonsarbeid i krise. Hauge tykkjer det er eindel ting i planen som er flytande. 

I informasjonstrategien er det eine delmålet at omdømmebygging skal prege det daglege info- og kommunikasjonsarbeidet i kommunen. Hauge problematiserar omgrepet omdømme, som ho seier ikkje er verklegheita. Ho poengterer at mellom anna mediadekninga berre er ei brikke i det store biletet. 

– Om folk jobbar litt mindre med omdømme og meir med det dei skal jobbe med, så vil dei få eit betre omdømme, seier Bente Øien Hauge og siterer Nils M. Apeland, kommunikasjonsrådgiver med analyse, omdømme og mediehandtering som spesialfelt.

– Omdømme er ikkje det viktigaste

Anna Avdem (SV) støttar Hauge. Avdem var ein av dei som kritiserte den første planen, men som også vart skuffa då ho såg den reviderte utgåva. 

KOMMUNIKASJONSPLAN: Anna Avdem (SV) foreslår at informasjonsplanen heller bør heite kommunikasjonsplan.
KOMMUNIKASJONSPLAN: Anna Avdem (SV) foreslår at informasjonsplanen heller bør heite kommunikasjonsplan.

– Det er ikkje klart kven planen er for eller kven som har laga den. Eg skjønar at omdømme er viktig for Lærdal næringsutvikling og omstillingsprogrammet. For Lærdal kommune er også omdømme viktig, men ikkje det viktigaste. Det er openheit og informasjon, seier Avdem.

Avdem meiner det er ei feilprioritering at omdømmebygging skal prege det daglege info- og kommunikasjonsarbeidet i kommunen. Ho gir også uttrykk for at kommunikasjon handlar om bygge mellom anna identitet og framtidstru, noko som ikkje ligg i omgrepet informasjon.

– Eg er usikker på kva å gjere med planen. I den minste bør den heite kommunikasjonsplan ikkje informasjonsplan, før eg kan vera med å vedta den, seier Avdem. 

SEIER SEG EINIG I KRITIKKEN: Geir Berge Øverland (Ap) kom med forlag om å setje ned eit adhocutval for å gå gjennom informasjonsplanen på nytt. 
SEIER SEG EINIG I KRITIKKEN: Geir Berge Øverland (Ap) kom med forlag om å setje ned eit adhocutval for å gå gjennom informasjonsplanen på nytt. 

Geir Berge Øverland (Ap) seier at etter fleire gode framlegg føler han at han hoppar etter Wirkola. Han seier seg einig i kritikken av informasjonsplanen og vil heller ikkje vedta planen slik den ligg føre. Øverland meiner kommunestyret må setje ned eit adhocutval for å gå gjennom informasjonsplanen på nytt.

– Det største problemet er at planen er eit samansurium mellom Lærdal næringsutvikling, omstillingsarbeidet og kommunen. Kommunen må ha ein eigen plan, seier Øverland som har vanskar med å sjå kor store endringar det er i informasjonsplanen, då det ikkje er merka i planen.  

Vil ha ein felles strategi

Gro Starheimsæter (Sp) er av formeininga at kommunen treng ein slik omdømmeplan. Ho legg vekt på at politikarane ikkje skal lage den, men vedta. 

Jarle Offerdal (Ap) ønskjer ei oppklaring.

– Planen er trygga av omstillingsstyret, då det er eit krav om at dei skal ha ein informasjonsplan. Kan me vedta informasjonsplanen for omstillingsstyret og Lærdal næringsutvikling, men ikkje for kommunen, spør Offerdal. 

Solheim (Sp) meiner Offerdal er inne på noko. 

– TRENG EIN STRATEGIPLAN: 
Ordførar Jan Geir Solheim (Sp).  Foto: Ina Eirin Eliassen

– Det høyres ut som om kommunen er på ville vegar og at me ikkje eig omstillingsplanen, det skuffar meg og er ikkje rett. Me er ein omstillingskommune, der eitt av momenta er å ha ein informasjonsplan. Alle bør vera einig om at me treng ein informasjon- og strategiplan for arbeidet i omstillingsstyret, Lærdal næringsutvikling og kommunen, seier Solheim. 

– Bør vera einige

Jan Olav Fretland (SV) seier at om kommunestyret skal vedta ein informasjonsplan, bør dei vera einige. 

BØR VERA EINIGE: – Det er ein dårleg idé om me seier at det blir denne planen eller ingenting, seier Jan Olav Fretland (SV).
BØR VERA EINIGE: – Det er ein dårleg idé om me seier at det blir denne planen eller ingenting, seier Jan Olav Fretland (SV).

– Om Solheim meiner det må vera ein felles plan, må kommunestyret finne ut korleis å gjera den felles. Det er ein dårleg idé om me seier at det blir denne planen eller ingenting, seier Fretland. 

Før det vart teke gruppeleiarmøte, seier rådmannen at eit adhocutval vil krevje adminstrative ressurar, noko som er vanskeleg akkurat no. Likevel vedtok eit samrøystes kommunestyre at eit adhocutval skal justere planen og legga den fram til komande kommunestyremøte i juni. 

Til toppen