EI GOD SAK: LHL Aurland og Lærdal har bestemt seg for å gi halvparten av inntektene frå loddsalet sitt til MR-maskina. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
EI GOD SAK: LHL Aurland og Lærdal har bestemt seg for å gi halvparten av inntektene frå loddsalet sitt til MR-maskina. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Pengane dei samlar inn skal rett til MR-maskina

– Viss me ikkje oppnår det me håpar, blir det 10.000 kroner uansett.

Lærdal: Inspirert av både Sogndal helselag og fagforbundet i Lærdal, trør også LHL Aurland og Lærdal til for MR-maskina.

Under Lærdalsmarknaden kan ein få kjøpt lodd hjå organisasjonen. Halvparten av inntektene skal gå til MR-maskina, som er så sterkt ønskt på Lærdal sjukehus.

– Viss me ikkje oppnår den summen me håpar på, så skal me gi 10.000 kroner uansett, seier leiar i lokallaget Jarle Vindedal.

Mange bidragsytarar

Den siste månaden har det strøymt inn med pengar frå alle hald etter at Sogn regionråd bad kommunar og næringsliv om bidrag til å få på plass ei MR-maskin ved Lærdal sjukehus.

Til no har mellom anna Årdal og Sogndal kommune sagt ja til maskina. Lærdølene har allereie spytta inn pengar, og det er lagt opp til at andre sognekommunar og næringslivet skal bidra med sitt.

Men det er ogsp gåvmilde organisasjonar i regionen. Porten.no har tidlegare skrive at Sogndal helselag har bidrege med 100.000 kroner, medan Fagforbundet i Lærdal har gitt 10.000 kroner.

Viktig sak

– Det er viktig for sjukehuset og for heile området at me har noko slikt. Når me såg kor flinke dei andre organisasjonane har vore, så ville me vera med. Me tykte det var voldsomt bra, seier Vindedal.

Og kven veit? Kanskje du er heldig og vinn ein sykkel eller eit par sekker med ved for lodda du kjøper. Ein ting er iallfall sikkert. Det er ekstra lett å selja lodd når pengane går til denne saka.

– Me vil oppmoda alle lag, foreiningar og privatpersonar om å gi til dette. Det er viktig at me får det på plass. Dette er det vesle me kan gi, og me håpar det hjelper til.

Til toppen