FÅR STØTTE: Munthehuset i Luster skal få nye vindauge. No er det eitt av tre verna bygg i Luster som får tilskot frå fylkeskommunen.
FÅR STØTTE: Munthehuset i Luster skal få nye vindauge. No er det eitt av tre verna bygg i Luster som får tilskot frå fylkeskommunen. (Foto: Linda Watten)

Pengedryss til verna bygg i Luster

Dei tre er Feigum sag og mølle, eit sel på Nedstestølen til Ormelid, og Munthehuset i Kroken.

Luster: Tre verna kulturminne i Luster har til saman fått 241 000 kroner i tilskot frå fylkeskommunen, melder Luster kommune på eigne nettsider.

Feigum sag og mølle har dokumentert historie tilbake på 1600-talet, og representerer starten for industrien i Luster. Fleire kjente kunstnarar som Gude, Eckhoff og Wergeland har nytta mølla som motiv.

Ormelid gard i Fortunsdalen ligg omlag 450 meter over havet. Arkeologiske funn syner spor etter jordbruk her som går 4000 år tilbake i tid.

Munthehuset var samlingsstad for dei mest kjente nasjonalromantiske målarane frå tidleg på 1800-talet, og fram til kaptein Gerhard Munthe døydde i 1876. Frå 1897 til 1955 var huset brukt som praktisk jenteskule.

Til toppen