FEKK PENGANE TIL RETTE VEDKOMANDE: Regionslensmannskontoret i Sogndal fekk levert hittegods-pengane attende til ho som hadde mist dei.
FEKK PENGANE TIL RETTE VEDKOMANDE: Regionslensmannskontoret i Sogndal fekk levert hittegods-pengane attende til ho som hadde mist dei. (Arkiv)

Pengegåve frå bestemor gleid ut av jakka. Ærleg sjel fann setlane, og politiet kunne til sist gje dei til innehavaren

Pengane kom bort litt før nyttår, og politiet hadde gleda av å gje dei tilbake til rette vedkomande tysdag. 

Sogndal: – Det er veldig fint å få pengane tilbake, eg vart veldig glad. Dei var ei julepakke frå bestemor mi, so det var ekstra kjekt at dei kom til rette, seier ho som miste pengane til Porten.no.

Då ho såg utlysinga frå politiet om at einkvan hadde mist pengar einkvar staden i Leikanger, Luster eller Sogndal, var ho usikker på om det kunne vera ho det galdt. 

Ho meinte kontantane hennar hadde glidd or jakkelomma medan ho vandra i Sogndal. 

Politiet gjekk ikkje ut med kvar i det store politidistriktet pengane var funne, eller kor stort beløpet var. 

–Eg visste omtrent kvar eg hadde mist mine, seier ho.

Og når både område for tapet og beløpet stemte, so fekk ho pengane frå politiet. Den  ærlege sjela som fann dei hadde alt fått si ti prosents finnarløn. 

–Eg vil seia takk til den som fann pengane og leverte dei.  

«EIGAREN HAR TEKE KONTAKT OG FÅTT ATT PENGANE SINE!!» skreiv lensmannskontoret i Sogndal i utlysinga si tysdag. 

Dei avsluttar lysinga med å ynskja godt nyttår frå alle på Sogndal Lensmannskontor.

Regionslensmannen i Sogn minner om at ein er lovpålagt å gjera som den ærlege sjela gjorde

– Om ein for eiga vinning tek det som ein forstår at på rett tilhøyrer einkvan annan, so er det tjuveri, opplyser ho i ein e-post til Porten.no

Altso er det ikkje berre for å vera raus at ein skal levera inn lausøyre, pengar og anna, men ei plikt nedfelt i lova om hittegods. 

ÆRLEGDOM VARAR LENGST: – Ærleg tente 10% burde smake best, seier Lanes til dei som eventuelt måtte vurdera å taka andre sine tapte pengar i eiga lomme.  Bilde: Halvor Farsund Storvik

– Kva med pengar ein kjem over der ein ikkje veit identiteten til den som har tapt dei?

– Dei skal leverast til politiet så kjapt som mogleg, skriv Lanes, og det var det som forskriftsmessig vart gjort i dette tilfellet. 

Det same gjeld andre verdfulle eigneluter og gjenstander som har kome bort frå innehavaren utan at innehavaren ynskte det. 

– Kva skal ein gjera om ein finn noko verdfullt og næraste politikontor er langt unna?

– Ein kan ringja politiet eller senda e-post. Dersom det er langt unna til næraste politieining, og for dyrt å senda, skal politiet henta det eller alternativt finna ei løysing for avhending, skriv Lanes.

Hittegods kan òg koma statskassa til gode

Dersom innehavaren ikkje hentar hittegods innan tre månader, so går dei til statskassa dersom det er snakk om pengar, etter at finnaren har fått sin skjerv.

Er det snakk om gjenstandar, so vert dei auksjonerte bort til inntekt for statskassa, etter at finnaren har fått ein tredjedel.

Gods som truleg ikkje kan vendast i pengar, derimot, skal gjevast til finnaren eller andre om vedkommande ynskjer det. Eventuelt skal det handsamast som avfall etter reglane i forurensningsloven.

Sist gong politiet i Sogndal hadde hittegodsauksjon var i 2014, opplyser dei i skranken til politikontoret for Luster, Sogndal og Leikanger. 

Til toppen