BEST LEST: Desse sakene vart mest lest på Porten.no.
BEST LEST: Desse sakene vart mest lest på Porten.no. (Foto: Arkiv)

Pengetrøbbel, husbygging og arbeidskaren frå Eritrea - fekk du med deg desse sakene?

Dette var dei fem mest leste sakene på Porten.no førre veke.

Sogn: Har du ikkje fått med deg alt av nyheiter den siste veka? Fortvil ikkje, her får du kort oppsummert dei fem best leste sakene på Porten.no den siste tida.

I mars var Kjetil nervøs. No er alt snudd på hovudet: – Heilt absurd

– Eg vart litt nervøs i mars. Men det gjekk to veker og så skulle alle ha etikettar til handsprit.

GAUPNE: Dagleg leiar av Digital Etikett, Kjetil Hovland. Foto: Ola Weel Skram

Sidan har det berre balla på seg, seier dagleg leiar av Digital Etikett, Kjetil Hovland. 

Det eine året etter det andre har dei opplevd å ha ei auking i omsetnaden. Men ingenting kan måle seg med pengane dei har tent hittil i år. 

Les heile saka her.

Seld for 1,8 millionar i Øvre Årdal: – Eit oppussingsobjekt

Strandvegen 17 vart seld for nesten 300.000 under prisantydning.  

OPPUSSINGSOBJEKT: Strandvegen 17 vart seld for nesten 300.000 under prisantydning. Foto: Aktiv Eigedomsmekling

– Bustaden er eit oppussingsobjekt og dei nye eigarane er godt i gang med å renovera, seier eigedomsmeklar i Aktiv Eigedomsmekling, Hege Østegård Kulhuset. 

– Slike eigedommar i dette området er populære, seier meklaren. 

Les heile saka her

Weldeab har tre jobbar, språket vart nøkkelen

I 2016 kom Weldeab Tekleab til landet som flyktning frå Eritrea. Han kunne ikkje eit einaste ord på norsk. No snakkar han språket godt, og er ein arbeidskar utan like. 

TRAVEL KAR: Weldeab Tekleab frå Eritrea har nok å henga fingrane i. Foto: Ola Weel Skram

Morgonen tilbringer han på NTP, kor han jobbar med produksjon av transfermerker på klede. Ettermiddagane går med til å vaska og gjera reint i ei lokal bedrift. Og, som om ikkje det er nok, er han rektor på ein skule i Eritrea, frå ei bitte lita bygd i Sogn.

Historier som Tkleab si, vil ordførarane i Sogn ha fleire av.

– Me vil integrera dei i arbeidslivet, få dei med på fritidsaktivitetar, og rett å slett få dei til å bli sogningar, seier ordførar Ivar Kvalen i Luster til Porten.no.

Les heile saka her

Rådmann med utfordring til politikarane: – Kvar har de tenkt å finne pengane?

LÆRDAL: Formannskapet stilte seg kritiske til rådmannen si tilråding om å innføre eigedomsskatt. Foto: Arkiv

Budsjettframlegget for 2021 og økonomisk plan for drift 2021-2024 viser at Lærdal kommune er i ein særs vanskeleg situasjon. Inntektene til kommunen kan gå ned med heile 12 millionar til neste år, samtidig som utgiftene ser ut til å auke. 

Rådmannen meiner at det med bakgrunn i desse tala er på høg tid at kommunen no innfører eigedomsskatt for å dekke noko av dei tapte inntektene.

– Kommunen er i ein alvorleg økonomisk situasjon. Prognosen viser ei inntektssvikt på i verste fall 12 millionar i 2021, på toppen av at Lærdal kommune har svake finansielle nøkkeltal og auka kostnadar knytt til bu- og miljø, sa rådmann under orienteringa. 

Les heile saka her

Kjetil og Kaja totalrenoverer 50 år gamalt hus: – Kom litt ut av det blå

Kjetil Hunshammer og Kaja Andersen har nyleg flytta heim til Årdal, og teke fatt på eit stort prosjekt. 

RENOVEING: Kjetil Hunshammer og Kaja Andersen pussar opp eit 70-talshus i Kvevegen. Foto: Kristine Haglund

Dei har nemleg kjøpt seg eit 70-talshus, og skal renovere heile huset frå grunnen av.

– Det skjedde litt ut av det blå, og me blei litt ivrige på budrunden. Planløysinga var perfekt slik som han var, så då var det lett å sjå potensiale her, seier Kjetil.

Les saka og sjå stor bildeserie her

Til toppen