GÅVMILDE: Årdal Pensjonistlag og Eldresenteret i Øvre Årdal gir til saman 35 000 kroner til MR-maskina i Lærdal. Leiar Odd Øvregard (t.h.), Ragnhild Morland og Helge Moen (nestleiar) frå pensjonistlaget håpar andre følgjer på. Foto: Ole Ramshus Sælthun  
GÅVMILDE: Årdal Pensjonistlag og Eldresenteret i Øvre Årdal gir til saman 35 000 kroner til MR-maskina i Lærdal. Leiar Odd Øvregard (t.h.), Ragnhild Morland og Helge Moen (nestleiar) frå pensjonistlaget håpar andre følgjer på. Foto: Ole Ramshus Sælthun  

Pensjonistane gir 35 000 kroner til MR

Årdal Pensjonistlaget og Eldresenteret fører dugnadsprosjektet eit steg nærare målet - som for alvor byrjar å nærma seg. Les kor mykje som manglar!

– Me gir 20 000 kroner. Det er jo ikkje akkurat ein million, og hadde me hatt det skulle me ha gitt det. Men me vil vera med på laget og tenkjer at "mange bekker små gjør stor å", seier Odd Øvregard, leiar i styret for Årdal Pensjonistlag.

Og det byrjar å bli mange bekkar; tidlegare denne veka kom det inn pengar frå bønder, jegerar, fiskarar og musikantar, samt frå Farnes Ungdomslag. For ei veke sidan gav eit ektepar på Leikanger ein halv million – og dette er berre nokre få av alle bidraga som har kome frå private eller lag og organisasjonar.

– Lærdal sjukehus får fleire bein å stå på

Øvregard fortel pensjonistlaget vart inspirerte av andre.

– Me fann ut at me ville gje etter å ha lese om det i pressa. Så det blir ein smitteeffekt. Og me håpar vårt bidrag kan "smitta" andre. Mellom anna kan me vel oppmoda andre pensjonistlag til å gi.

– Kvifor er denne maskina så viktig?

– Det blir mykje kortare avstand å reisa. Me eldre er jo ikkje så mobile. I tillegg fører det til kortare ventetider for undersøkjing. Og det er bra at Lærdal sjukehus får fleire bein å stå på, seier Ragnhild Morland.

Halvannan million står att

Ikkje nok med dei 20 000 kronene frå pensjonistlaget; Eldresenteret i Øvre Årdal gav også pengar denne veka. 

– Me sende inn 15 000 kroner på onsdag, fortel Helge Moen ved Eldresenteret, som også er nestleiar i Årdal Pensjonistlag.

Porten melde førre veke at det stod att vel tre av dei ti millionane som må til for å få MR-maskin til Lærdal sjukehus. Med dei mange bidraga som har kome den dryge veka som har gått sidan då er halvparten av desse tre millionane i boks.

– Status no er at me har åtte millionar, fire hundre og femti tusen. Så det er veldig bra, seier dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam. 

 

Til toppen