Peparkaker som er for gode til å vere sunne

Peparkaker som er for gode til å vere sunne

I treningsbloggen gir Vibeke deg oppskrifta på ein sunnare variant av peparkaker, som ei lita variasjon til den tradisjonelle julebaksten.

I jula skal ein kose seg med godt samvit - og det utan å tenkje så mykje på kva som er sunt og usunt. Sjølv pleier eg likevel å bake litt sunn julegodis som eit supplement til dei andre julekakene, og eg kan fort unne meg eit par (les: 10) kaker ekstra når eg veit at dei ikkje har så aller verst næringsinnhald ☺

Du treng:

60 gram lettmargarin
25 gram yaconsirup, eventuelt agavesirup eller honning
40 gram sukrin gold, eventuelt vanlig sukrin
40 gram sukrinmelis
Peparkakekrydder beståande av:
2 ts kanel, 1 ts kardemomme, 0,5 ts nellik og 0,5 ts ingefær
0,5 ts bakepulver
1 egg
150 gram speltmjøl, eventuelt havremjøl

Fyrst smeltar du lettmargarin, yaconsirup, sukrin gold og sukrinmelis og let blandinga avkjøle seg før du deretter har i bakepulver, peparkakekrydder og egg. Etter å ha blanda dette godt saman tilset du speltmjølet litt etter litt medan du rører kontinuerleg, heilt til du får ein jamn deig. Juster mengda alt ettersom, det kan vere du treng meir/mindre mjøl dersom du brukar ein annan mjøltype, som til dømes havremjøl.

Set steikeomnen på 180 grader, og så gjenstår det koselege arbeidet: Å kjevle ut deigen og stikke ut peparkakefigurar! Hugs óg på å ete litt av deigen undervegs - det er obligatorisk! ☺

Legg peparkakene på eit bakepapirkledd steikebrett og set dei til steiking i ca. 10 minuttar. Følg med undervegs, da steiketida kan variere fra omn til omn. Når kakene er ferdigsteikte legg du dei til avkjøling på ei rist i ca. 15 minuttar. Deretter er dei klare for dekorering eller eting!

 

Til toppen