OPPSKRIFTER: Morten Schakenda byr på sine beste peparkakeoppskrifter i si nye bok. Schakenda har mellom anna hjelpt til då Tya Bakeri vart starta i Øvre Årdal. Foto: Lars Petter Pettersen
OPPSKRIFTER: Morten Schakenda byr på sine beste peparkakeoppskrifter i si nye bok. Schakenda har mellom anna hjelpt til då Tya Bakeri vart starta i Øvre Årdal. Foto: Lars Petter Pettersen

Peparkaketriks frå bakaren i Lom

Kokk og bakar Morten Schakenda, best kjend som bakaren i Lom, er aktuell med ei peparkakebakebok for store og små. Her deler han sitt aller beste peparkaketips.

I det unike og populære bakeriet som Schakenda driv i Lom, er det no full rulle med førebuingar til jul. Peparkaker er blant dei viktigaste sortane på menyen, og skal vi tru «Morten Schakendas pepperkakebakebok» er det nesten uendelege moglegheiter – i alle fall om du har laga ein skikkeleg god deig å jobbe med.

– Det viktigaste er at deigen er kald nok, at du heile vegen jobbar med kalde deigar, slik at han ikkje blir for klissete. Og så må du sjølvsagt passe på at du bakar på eit tørt bord og brukar nok mjøl, seier Schakenda og legg til:

– Delar du har brukt og så knadd saman igjen, må inn igjen i kjøleskapet. Blir deigen liggjande ute, må du bruke veldig mykje mjøl, og då blir kakene tørre.

Inspirert av svigermor

I boka presenterer suksessbakaren ei rekkje tips og oppskrifter, mellom anna korleis du enkelt lagar fine vindauge i peparkakehus, korleis du får huset til å hengje godt saman og kva du kan pynte med.

Artikkelen held fram under biletet.

PEPARKAKEKYRKJE: I peparkakeboka frå bakaren i Lom kan du mellom anna lære å lage ei peparkakekyrkje med fine vindauge.
PEPARKAKEKYRKJE: I peparkakeboka frå bakaren i Lom kan du mellom anna lære å lage ei peparkakekyrkje med fine vindauge.

Schakenda har også teke med svigermor Karins oppskrift. For det er ikkje bakaren sjølv som står for peparkakene på heimebane.

– Eg hadde aldri ein tradisjon med peparkaker då eg var liten, så det var det svigermora mi som innførte heime hjå oss. Ho kjem frå Oslo med ferdiglaga deig, og så lagar ho og ungane kvart sitt hus med masse pynt og godteri som står heime og så vert knust etter jul. Det er ein fin måte å skape ein hyggjeleg tradisjon på, seier Schakenda til Nynorsk pressekontor.

Frå utedo til namnekort

Peparkakebakeboka er skriven på ein lettlesen måte slik at ho passar for heile familien og inneheld ifølgje forlaget 100 forslag til kva du kan lage og byggje av peparkakedeig.

– Det er tips til kva type hus og bygningar du kan lage, alt frå blokk til utedo og små figurar og namnekort. Og bakarst er der ei ganske lang og morosam historie om julenissen og bakaren i Lom, fortel bakaren sjølv.

NAMNESKILT: Skal du ha bursdag eller juleselskap? Namneskilt av peparkake gjev ein artig vri til gjestene.
NAMNESKILT: Skal du ha bursdag eller juleselskap? Namneskilt av peparkake gjev ein artig vri til gjestene.

– Lag kakene sjølv

Og om du ikkje har tid eller lyst til å bake sjølv, kan Schakenda i alle fall garantere for at peparkakene frå Bakeriet i Lom trygt kan setjast på bordet.

– Det er gode kaker. Alle er baka skikkeleg med smør og egg og slikt. Du veit, på dei billegaste butikkane kostar ein boks peparkaker 9,90. Det kan vi ikkje konkurrere med. Då må vi heller konkurrere på smak og kvalitet.

Han poengterer at peparkaker ikkje er noko folk har godt av i store mengder, men at det uansett er best å lage dei sjølve.

– I bakeriet har vi kaker som er gode og ikkje er fulle av palmefeitt og transfeitt og slikt. Og det er noko av dei vi prøver å seie med boka: at det er mykje enklare å kjøpe ferdige kaker, men då har du ikkje kontroll på kva som er i dei. (©NPK)

Til toppen