BLIR PROFF: Per-Egil Flo spelte for Sogndal frå 2006 til 2013. No forlet han Molde for utlandet. Foto: arkiv.
BLIR PROFF: Per-Egil Flo spelte for Sogndal frå 2006 til 2013. No forlet han Molde for utlandet. Foto: arkiv.

Per-Egil Flo klar for Tsjekkia

Den tidlegare sogndalspelaren prøver lukka i utlandet.

Per-Egil Flo signerte i går for Slavia Praha, ein klubb som ligg på andreplass i den tsjekkiske serien etter halvspelt sesong. Kontrakten binder han til klubben fram til sommaren 2019.

– Vi er glade for å kunne ønskje Per-Egil velkomen til klubben vår. Gjennom hausten har vi systematisk sett etter venstrebackar i både vår eigen liga og i utlandet. Vi bestemte oss for Flo og vi meiner at vi har valt av høgste kvalitet, seier Martin Krob, dagleg leiar i Slavia Praha, til klubbens eigne nettsider.

Per-Egil Flo gjekk frå Sogndal til Molde i 2013 og var med å vinne eliteserien påfølgande sesong. Året etter klubbskiftet fekk han òg debuten for A-landslaget mot Emiratane og står no med fire landskampar.

I 2016-sesongen starta Flo 21 av 30 kampar for Molde. No går han til den nest største klubben i Tsjekkia og den viktigaste rivalen til meir kjende Sparta Praha.

– Eg er svært glad for at eg har signert ein kontrakt med Slavia. Eg trur vi som lag vil lukkast. Det er ein stor klubb med ei stor historie, og sjølv om eg hadde andre tilbod, så valde eg Slavia, seier Per-Egil Flo, i følgje pressemeldinga.

Til toppen