Bergen: Likevel var det godt nok til å sikre plass i NM, som blir spelt på Gardermoen i slutten av månaden.
– Det er det eg har hatt lyst til eit par år no, så det blir veldig kjekt. Det blir spanande å få spele med masse kjendisar og andre kjente spelarar, seier Underdal.
Les også: Desse to er klare for NM i bridge
Starten på turneringa gjekk over all forventing. Etter første dag var det ingen som hadde fleire sjetongar enn aurlendingen.
– Eg fekk masse bra kort og hadde flyt i spelet. I tillegg fekk eg til nokre bløffar og brukte posisjsonen min bra, seier Underdal.
Dag nummer to snudda lukka og sjetongane forsvann fort. I eit felt på over tre hundre spelarar er 34. plass likevel eit godkjent resultat.
Det er ikkje lenge sidan poker vart stovereint i Noreg. Tenåringen seier at han møter ein del fordommar frå folk som ikkje kjenner spelet.
– Du gamblar jo, så du er aldri sikker på å vinna. Men i poker kan du i det minste bruke dine eigne ferdigheiter til å auka sjansane, seier han.