GÅR AV: Styreleiaren Per Sævik i Havila går av fordi han som øvste ansvarleg i konsernet vil ta sin del av skulda for at selskapet hamna i økonomisk uføre og krise. ​
GÅR AV: Styreleiaren Per Sævik i Havila går av fordi han som øvste ansvarleg i konsernet vil ta sin del av skulda for at selskapet hamna i økonomisk uføre og krise. ​

Per Sævik går av som styreleiar i Havila

Styreleiaren Per Sævik i Havila går av fordi han som øvste ansvarleg i konsernet vil ta sin del av skulda for at selskapet hamna i økonomisk uføre og krise. 

Fylket: Jostein Sætrenes vart tysdag valt som ny styreleiar i Havila, og overtar dermed plassen 76 år gamle Sævik har hatt gjennom heile historia til selskapet. Sævik seier til Sysla.no at alderen hadde mykje å seie, men at hovudårsaka til at han går av er at han må ta ansvar for at krisa i offshoresektoren sidan hausten 2014 har ramma Havila svært hardt.

Konsernet leverte tysdag betydeleg svakare tal for første kvartal 2017 enn same periode i fjor. Krisa er på langt nær over for Havila, som har vore på randa av konkurs fleire gonger. Aksjekursen, som var på 22 kroner ved utgangen av 2008, er i dag 17 øre.

Havila er ikkje åleine om å slite. Meir enn 140 offshorebåtar i Noreg, nesten ein firedel av heile den norske flåten, ligg no i opplag.

(©NPK)

Til toppen