DRIFTIG: Akkurat no er Per Steinar Melås oppteken av å byggje eit nytt driftsbygg på garden, som mellom anna skal huse ein bruktbutikk, eit mikrobryggeri, eit bakstekjøken, samt utstilling av alle dei utstoppa dyra han har samla opp gjennom åra.
DRIFTIG: Akkurat no er Per Steinar Melås oppteken av å byggje eit nytt driftsbygg på garden, som mellom anna skal huse ein bruktbutikk, eit mikrobryggeri, eit bakstekjøken, samt utstilling av alle dei utstoppa dyra han har samla opp gjennom åra.

Per Steinar Melås: – Eg ser nesten berre fordelar med det

Helsegründeren frå Leikanger er oppgitt og frustrert over at folk skal mistenkjeleggjere dei som tener pengar på helsetenester. At hans nye eigar er registrert i eit skatteparadis ser han ingen problem med.

Leikanger/Årdal: – Om pengane er registrerte på Caymanøyane eller i DNB er ikkje så viktig for meg, berre vi brukar dei til å få til utvikling og trygge arbeidsplassar i Norge, seier Per Steinar Melås.

Når vi møter han er han oppteken med å feste stroppar på ein betongbil som har sett seg fast i gjørma. På garden på Leikanger er han i ferd med å sette opp to nye bygg, det eine skal gje rom til ei rekkje aktivitetar, som eit mikrobryggeri, ein bruktbutikk og eit bakstekjøken.

– Det gjeld å tenkje anleis, seier han og nikkar i retning det store trehuset som er i ferd med å reise seg.

Les også: Den nye Melås-eigaren er registrert i skatteparadis

HOVUDKONTOR I ÅRDAL: Selskapet hadde allereie før samanslåinga 13 avdelingar i Norge. I 2013 vart hovudkontoret flytta til Øvre Årdal frå Leikanger etter langvarig usemje med kommunen der.
HOVUDKONTOR I ÅRDAL: Selskapet hadde allereie før samanslåinga 13 avdelingar i Norge. I 2013 vart hovudkontoret flytta til Øvre Årdal frå Leikanger etter langvarig usemje med kommunen der.

Kjemper mot gamle fordommar

Psykolog, fruktbonde, føredragshaldar, hotell- og bryggerieigar, filantrop og trofèjeger. Leikangermannen har mange jarn i elden. Men det er som helsegründer han har gjort det størst.

Melås Helse vart starta i 2005. På elleve år har Melås bygt opp eit selskap som snart rundar åtti millionar i omsetnad. Når han no går frå eineeigar til minoritetsaksjonær er det rimeleg å gå ut frå at han blir sittande att med ein god slump pengar.

VELDEDIG ARBEID: Per Steinar Melås starta organisasjonen Barnehjelp Afrika i 2007.
VELDEDIG ARBEID: Per Steinar Melås starta organisasjonen Barnehjelp Afrika i 2007.

Les også: – Eit viktig bidrag frå Årdal-samfunnet
Les også: Omorganisering i Melås Helse

Men at det skal vere noko uetisk med å tene på helse meiner Melås er gamle fordommar det er på tide å bli kvitt. Han meiner dei fyller ut det offentlege på ein måte som berre er til det gode for brukarane av tenestene.

– I staden for at dei blir stua saman på institusjonar, så tek vi dei med på tur, på restaurantar, gir dei gode opplevingar i marka, vi kan ta dei med på feriturar til Spania. Vi kan gje dei eit godt liv, seier han.

Meiner skatteparadis er uproblematisk 

Når det gjeld samanslåinga og eigarskiftet påpeiker han at det er få som stussar når utanlandske dukkar opp i andre bransjar. 

– Dette ser vi i alle delar i samfunnet, men når det skjer innan helse, så skal vi plutseleg vere kritiske. Når er eit utanlandsk selskap byggjer ein veg, borer eit hol i fjellet, eller legg ein stripe asfalt, då er det ingen som reagerer, seier han.

– Det er viktig å sjå på dette med eit ope og fordomsfitt syn. Når folk er villige til å bruke kapital, då er det uheldig dersom det skapar negative bølgjer, basert på tankar som ikkje er høyrer heime i røynda, seier han. 

– Reflekterte du over at dette kunne bli oppfatta negativt?  

– Eg gjorde ikkje det. Det er norsk eigarskap. Det blir skipa eit nytt selskap i Norge, eigd av nordmenn, deriblant meg, seier Melås. 

– Men oppkjøpsfondet er registrert på Guernsey?

– Ja, det er det. På same måte som i oljeindustrien. Der har vi selskap som er registrerte over heile jorda og investerer i Norge. Eg ser ikkje noko problem med det, så lenge det er norsk lov som gjeld. Slik eg ser det er vi det største norskeigde selskapet innan bu- og omsorg. Alle skattepengar og alt blir behalde i Norge. Vi har hovudkontoret i Årdal, så det er dei som haustar skattepengar av oss, så lenge vi har kontoret der, seier han.

– Kor uroa er du over at de har ein eigar som i første rekke tenkjer profitt?

– Når eg dreiv som privat aktør, så var eg nøydd til å ha overskot, viss ikkje hamna eg i skifteretten. Viss du kallar overskot profitt, så er det eit negativt lada ord. Men overskot må ein ha, det er ein nøydd til, seier Melås. 

Vil få meir tid til å jobbe med utvikling

Som før understrekar han kor viktig det er å skape eit norsk alternativ til dei utanlandske aktørane.  

– Det vi ser i dag, er at nitti prosent av selskapa innan bu- og omsorgstenester i Norge er eigd av utlendingar, dei dominerer fullstendig, seier Melås.

No er han glad for at han vil få meir tid til å gjere det han kan best, nemleg å utvikle det faglege innhaldet i selskapet. 

– No er eg 66 år. Eg kjem til å sitte på eigarsida og bruke erfaringa mi til å styrke kompetansen hos personalet. Det hadde eg ikkje høve til tidlegare. Det får eg sitte med no og det synst eg er fantastisk. Framtida vil kreve meir kompetanse enn i dag og eigarane gir meg frie tøyler til å jobbe med det, seier Melås.

– Vi har ei målsetning om å bli best i klasssen. Då tykkjer eg det er godt å ha økonomiske musklar i ryggen, seier han.

Til toppen