STRAMMA OPP: Den nye Tiguan-modellen har fått same fjes som for eksempel Passat. Ikkje revolusjonerande, men kledeleg. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema 
STRAMMA OPP: Den nye Tiguan-modellen har fått same fjes som for eksempel Passat. Ikkje revolusjonerande, men kledeleg. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema 

Perfekt normal

Volkswagens nye Tiguan-modell blir garantert populær når han no rullar inn i det segmentet familiar over heile Noreg vil ha. Han er akkurat så nøytral at han passar til alle.

Få bilar seier midt-på-treet betre enn ein Volkswagen Tiguan. Han høyrer heime i det mest populære familiesegmentet, den mellomstore SUV-en, og han er produsert av Noregs desidert mest selde bilmerke.

Sjølvsagt er bilen vi testar, utstyrt med ein dieselmotor på 150 hestekrefter, standardmotoren i ein slik bil, og han har firehjulstrekk. Alt ligg til rette for ein skikkeleg volumseljar, med andre ord.

Ein bil som høyrest så vanleg ut at ein knapt trenger å køyre han for å gjere seg opp ei meining.

Innvendig følgjer han opp i same spor. Velkjent Volkswagen-interiør, lik det ein finn i for eksempel Golf. Velfungerande, velbygd og ryddig.

Artikkelen held fram under biletet

AUTOMAT: Det er ein god idé å velje denne DSG-girkassen, men han kostar nær 40.000 kroner meir enn utgåva med manuell girkasse.
AUTOMAT: Det er ein god idé å velje denne DSG-girkassen, men han kostar nær 40.000 kroner meir enn utgåva med manuell girkasse.

Strammare

Så, etter ei lita stund bak rattet på ein fin veg, begynner det å sige inn. Dette er ein veldig god bil. Merkeleg nok ei heilt anna oppleving enn eg hadde med førre generasjon Tiguan, då eg rett og slett sleit med å huske noko som helst av interesse etter ein testtur.

Alt verkar riktig vekta mot det segmentet og den målgruppa bilen siktar seg mot. Slike som meg, med ein familie på fire og ei og anna sunn fritidsinteresse. Plassen innvendig er god, glasflatene er store, og bagasjerommet er meir enn stort nok.

Bilen følast robust, og det nye eksteriøret er slett ikkje så verst. Utsjånaden er mykje strammare enn i førre utgåve, ikkje minst på grunn av dei nye lyktene og grillen. Samtidig føyer Tiguan seg pent inn i rekka av mellomstore SUV-ar det er fort gjort å ikkje finne igjen på parkeringsplassen utanfor kjøpesenteret. Bilen stikk seg ikkje ut, men ser samtidig ganske bra ut.

Den norske importøren seier at dei kjem til å levere ut rundt 3.000 nye Tiguan i år, og at volummodellane blir 150 hestekrefter bensin eller diesel med firehjulstrekk og DSG-automatgirkasse.

Artikkelen held fram under biletet

PLASS: Bagasjerommet skal ha plass til 615 liter, det er nesten like stort som det ein finn i Passat.
PLASS: Bagasjerommet skal ha plass til 615 liter, det er nesten like stort som det ein finn i Passat.

Nøytral

Køyreeigenskapane er naturlegvis nøytrale. Styringa temmeleg nummen, lik alle konkurrentane, men samtidig veldig presis. Som ein behageleg bonus er rattet godt å halde i. Det er i akkurat riktig tjukkleik og gir ei solid kjensle. Det som kan vere litt trøblete er at seta, i alle fall i denne bilen, hadde sitjeputer som ikkje var justerbare i lengderetning. Ein lang person vil få lite støtte til beina.

Motoren er det ein kan kalle adekvat, men det som gjer susen her er Volkswagens svært gode DSG-automatgirkasse, som er kjapp og smart. Ein kan få han til å vere litt hurtigare i steget ved å setje han i sport-modus. Sportsleg blir det naturlegvis aldri, men det får motoren til å reagere slik at ei forbikøyring ikkje er noka sak.

Ein Tiguan blir aldri ein spennande bil, det er heller ikkje meininga, men det er ein familiepakke som er perfekt normal.

Til toppen