KORONA: Personen har folkeregistrert adresse i Aurland og vert difor registrert i kommunen sin oversikt over smitta personar.
KORONA: Personen har folkeregistrert adresse i Aurland og vert difor registrert i kommunen sin oversikt over smitta personar. (Foto: Arkiv)

KORONAVIRUS

Person folkeregistrert i Aurland har testa positivt for korona

– Det er ingen grunn til bekymring for at det er smitte i Aurland, opplyser kommunen.

Aurland: Kommunen har fått opplysningane frå nasjonalt register for smittsame sjukdomar, MSIS. Dei melder om at det er eit smitteteam som følgjer opp saka der personen no oppheld seg. 
 
Personen har folkeregistrert adresse i Aurland og vert difor registrert i kommunen si oversikt over smitta personar. Det skjer sjølv om personen ikkje har testa seg i Aurland kommune, eller oppheld seg der ved smitte eller utbrot.
 
– Ut i frå dei opplysningane som ligg føre på noverande tidspunkt, er det ingen grunn til bekymring for at det er smitte i Aurland kommune, opplyser kommunen på si heimeside.
 
Til toppen