Høyanger: – Eg kan stadfeste at ein person frå Høyanger er innlagd med Covid-19-smitte, seier kommuneoverlege Kristine Longfellow til Firda.
Helse Førde melde onsdag om to nye smittetilfelle, eitt i Høyanger og eitt i Lærdal, og at ein ny person er innlagt med koronasmitte.
Det er no to personar innlagde på sjukehus med smitte i området til Helse Førde.
Den innlagde personen frå Høyanger skal vere ein pasient som tidlegare er meldt smitta, ifølgje Longfellow.
Kommunen har no fem registrerte smittetilfelle, men alle tilhøyrer same husstand og sit isolasjon, melder kommunen på heimesida.
Longfellow seier til Firda at situasjonen no er under kontroll etter utbrotet i Vadheim førre veke. Smittevegen er framleis ukjend og ho oppmodar folk til å vere forsiktige.