To personar har testa positivt
(Arkiv)

KORONAVIRUS

To personar har testa positivt

Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

Lærdal: To personar har testa positivt for koronaviruset i Sogn. Smittetilfella er i Lærdal og Høyanger.

I Lærdal er smittekjeda kjend utanfor Sogn, og alle som er aktuelle for testing er kontakta og blir testa i dag. Faren for spreiing i lokalsamfunnet er vurdert som liten.

Kommunen opplyser vidare at dei vil informere løpande om situasjonen.

Tysdag analyserte Helse Førde 309 prøvar, der to av dei var positive.

Høyanger kommune melder på heimesida onsdag at fem personar er smitta og sit i isolasjon, men at desse alle er frå same husstand. 55 personar er i karantene fram til og med 4. desember. 

Til toppen