FØRSTE: Dette er det første smittetilfellet av koronaviruset som er knytt til Gulen kommune.
FØRSTE: Dette er det første smittetilfellet av koronaviruset som er knytt til Gulen kommune. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Person med bustadadresse Gulen har fått påvist koronasmitte

Den smitta oppheld seg ikkje i kommunen og har heller ikkje vore der i den aktuelle smitteperioden.

Gulen: Ein person med bustadadresse Gulen har fått påvist smitte av koronaviruset. Personen oppheld seg ikkje i Gulen kommune og skal heller ikkje ha opphalde seg i Gulen i den aktuelle smitteperioden, skriv kommunedirektør Reidun K. Halland i ein e-post. 

Dette er det første smittetilfellet som er knytt til Gulen kommune, men då utan at den smitta har vore i kommunen. 

Det er per fredag morgon framleis ikkje registrerte smittetilfelle blant personar som oppheld seg i kommunen. 

Til toppen