FORSEINKA: Først åtte månader etter at fristen gjekk ut startar Politidirektoratet å lage betre rutinar for trippelvarsling av nødetatane ved dramatiske hendingar. 
FORSEINKA: Først åtte månader etter at fristen gjekk ut startar Politidirektoratet å lage betre rutinar for trippelvarsling av nødetatane ved dramatiske hendingar.  (Foto: Ina Eirin Eliassen)

Person pågripen for sal av narkotika

Slik var politinatta i Indre Sogn.

Årdal: Politiet i Sogn og Fjordane har hatt ei travel natt, men i Indre Sogn har det vore heller roleg samanlikna med andre delar av fylket.

Likevel har det vore eit par hendingar i denne regionen også. I Årdal vart mellom anna ein person pågrepen for sal av narkotika, melder politiet. 

I same kommune hadde politiet også promillekontroll i natt. 117 sjåførar vart kontrollerte, men ingen av desse køyrde i rusa tilstand.

Litt tidlegare i same kveld måtte politiet reise til Luster ungdomsskule, der dei i helga og tidlegare har vore plaga med hærverk. No er saka meld til politiet av skulens leiing, og politiet kjem til å følgje opp saka til veka.

Til toppen