SKADE PÅ EIN FOT: Ein person har fått skade på ein fot under ein tur på Falketind.
SKADE PÅ EIN FOT: Ein person har fått skade på ein fot under ein tur på Falketind. (Foto: Kristian Larsen)

Mann (61) skadd på Falketind - på veg til sjukehus i luftambulanse

Har truleg brote eit bein i ein fot.

Årdal: Luftambulansen har henta ut ein mann som truleg har brote ein fot under ein tur på Falketind i Årdal. Personen har ifølgje politiet vore del av eit turfølgje, og førebels er det ukjent korleis skada oppstod, skriv politiet på Twitter like før halv åtte.

Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no eller 48 01 31 31.

– Luftambulansen har kome til staden. Dei har lokalisert personen ligge ved Stølsnosbreen, og landa så nært som mogleg, seier Forde Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til Porten.no. 

– 20.38 meldte AMK om at luftambulansen har letta og er på veg til sjukehus med mannen, seier Kolltveit.

Mannen har ikkje registrert adresse i Vest politidistrikt. 

Meldinga om 61-åringen på Falketind kom minuttar før ei anna ulukke like ved: Ein 25 år gamal mann fekk stein over foten på tur i Hurrungane, og også han måtte hentast av luftambulanse. 

Til toppen