ULUKKE: To motorsyklar er involverte i ei trafikkulukke i Balestrand.
ULUKKE: To motorsyklar er involverte i ei trafikkulukke i Balestrand. (Illustrasjon: Skjermdump / Google Maps)

Person til sjukehus etter trafikkulukke

Skadeomfanget er ukjent.

Balestrand: Politiet opplyser at ein motorsykkel har køyrd i ein annan bakfrå på fylkesveg 613, ved Skopargilet, nord for Dragsvik.

Dei skriv at naudetatane er på staden og at skadeomfanget er ukjent.

Klokka 18.00 skriv politiet på Twitter at dei er på staden, og at ein person er sendt til sjukehus. Den andre personen får hjelp av ambulansepersonell på staden.

Har du tips eller bilete? Send gjerne til tips@porten.no.

Til toppen