DÅRLEG SKODD TIL GLATTFØRE OVER FJELLET: Personbilen, som skulle køyre over det isete fjellet til austlandet hadde sumardekk. Attpåtil hadde to av dekka so  lita mønsterdjupne, at føraren laut få både førelegg og forbod mot å køyra meir, med mindre han ikkje bytte dekk.
DÅRLEG SKODD TIL GLATTFØRE OVER FJELLET: Personbilen, som skulle køyre over det isete fjellet til austlandet hadde sumardekk. Attpåtil hadde to av dekka so lita mønsterdjupne, at føraren laut få både førelegg og forbod mot å køyra meir, med mindre han ikkje bytte dekk. (Bilde: Statens Vegvesen)

Kontrollørane skulle ta ferga på veg til jobb – så oppdaga dei desse dekka

Mannen hadde tenkt seg over fjellet på tunnslitne sommardekk. Det sette Statens vegvesen ein stoppar for. – Når me er ute og køyrer, så har me augo med oss, seier kontrolløren som oppdaga skrekktilfellet.

Lærdal: Då Statens vegvesen skulle ha tungtransportkontroll på Håbakken laurdag, fann dei fyrste feil alt på ferja Mannheller-Fodnes på veg ut til kontrollpunktet, grytidleg om morgonen.

– Når me er ute og køyrer, så har me augo med oss, og då ser me etter slike ting. Me såg han hadde sumardekk og tok ein prat med han. Han skulle over fjellet til Austlandet, fortel Roger Per Løvlid frå Statens Vegvesen.

Ville hatt dårlege sjansar til å koma trygt fram

Å ha sumardekk er ikkje ulovleg på bar veg, men ein pliktar å sko seg etter føret, og denne bilen skulle køyra over ein fjellovergang med glatt føre.

Etter litt nærare inspeksjon, såg inspektørane frå vegvesenet at to av dekka attpåtil var alt for utslitne. Føraren av bilen fekk difor eit førelegg, ettersom mønsterdjupna var på mindre enn tre millimeter, som er minimum for ein personbil i vinterhalvåret. Han fekk i tillegg klar beskjed om å fara til næraste verkstad med dekka sine, før han eventuelt køyrde vidare austetter. 

– Når du køyrer på is og snø, som denne føraren skulle ettersom han skulle over fjellet, so er ikkje dette noko å koma med.  Bremsar du med slike sumardekk då, so skyt det av garde, seier Løvlid.

Han meiner bilturen austetter ville vore farleg både for føraren og for andre trafikantar. Han minner òg om at vedkomande hadde hatt ei dårleg sak om han hadde støytt saman med nokon på turen: 

– Er du ikkje tilstrekkeleg skodd, vil du få skulda nesten uansett kva du skulle råka ut for av samanstøytar eller uhell på vegen, seier Løvlid. 

Tungtransportsjåfør meldt til politiet for brot på kviletida. 

Ein utenlandsk førar i eit norsk vogntog vart meldt til politiet for brot på køyre- og kviletidsreglane. Den lengste godkjente kvila innan siste døgerperiode var på fem og ein halv time, men skulle ha vore på minimum ni timar, opplyser Statens Vegvesen. 

Eit anna norsk vogntog fekk bruksforbod for manglande kjetting. Føraren hadde med seg tre kjettingar, men hadde dei altso ikkje på dekka, og dimed vart det gebyr. I tillegg vart det eit gebyr for manglande vognkort. 

Eit anna vogntog fekk pålegg om å køyra til næraste verkstad for å vøla ABS-bremsene, som var i ustand.

Endå eit anna vogntog fekk bruksforbod grunna for brei semitrailer, men fekk køyra vidare etter å ha redusert breidda til innanfor maksgrensa av det lova tillèt. 

Til toppen