KJEKT Å VERA ATTENDE PÅ HEIMLEG GRUNN: – Det var kjempekjekt å spela her i dag, seier Hickman, som fekk prata med fleire gamle lagveninner på Jotun/Årdalstangen. 
KJEKT Å VERA ATTENDE PÅ HEIMLEG GRUNN: – Det var kjempekjekt å spela her i dag, seier Hickman, som fekk prata med fleire gamle lagveninner på Jotun/Årdalstangen.  (Foto: Snorre Sandemose)

Pia Hickman møtte gamle lagveninner: – Kjekt å sjå ein heil gjeng attende på laget av dei dyktige spelarane som forlét Jotun for nokre år sidan  

Sjølv trivest ho som Syril-spelar, og set pris på å møta Jotun/Årdalstangen i same divisjon. 

Årdal: På Leikanger-laget var det eitt fjes ute på bana som var velkjent for mange på tribuna i Årdalshallen. Syrilkeeper Pia Hickman har tidlegare spela to sesongar på Jotun, i dei sportslege glansdagane då laget var oppe i andre og til og med i fyrste divisjon.

Ho set pris på å spela i same liga som gamlelaget, slik at ho får møta dei tidlegare lagveninnene att på handballbana.

GODE REDNINGAR: Tidlegare Jotun-spelar Pia Hickman leverte mange gode redningar. Her stoggar ho eit skot frå venstrevingen til Jotun/Årdalstangen.  Bilde: Snorre Sandemose 

– Og det er kjempekjekt å sjå at ein heil gjeng av dei dyktige spelarane som slutta på Jotun  for nokre år sidan har kome attende på laget. 

Rosar laginnsatsen til Syril

Hickman var imponert over lagveninnene i Syril.

AVSLUTTAR MØNSTERÅTAK: Her er det Ane Bjørk som syter for kampens fyrste Syril-mål. Syril-jentene var nøgde med å ha scora mange mål og gjeve Jotun/Årdalstangen kamp. Foto:  Snorre Sandemose

– Me synte fram ein super laginnsats i dag og gjorde ein kjempejobb. Og det er veldig moro at mange på laget teikna seg på scoringslista.

Ho tykte det var fenomenalt å sjå tenåringane på laget scora so mange mål mot eit sterkt lag som Jotun/Årdalstangen, der fleire av spelarane har erfaring frå Noregs nest høgaste nivå. 

– Det er eit veldig ungt lag me har. Me er tre som er fødde på 1970-talet, men so er alle dei andre fødde mellom 1999 og 2001. Og det er skikkeleg flinke jenter.

Mange unge på Jotun/Årdalstangen-laget òg

Om Syril med sine mange unge spelarar har ei lys framtid føre seg, gjeld det truleg Jotun/Årdalstangen òg. 

Hovudgrunnen til at Jotun/Årdalstangen er so bunnsolide no, er at laget har mange rutinerte spelarar som tidlegare har spela på eit høgt nivå i Noreg.

GLAD I HANDBALL: – Eg reiser gjerne gjennom halve Noreg for å spela ein handballkamp, for handball er so gøy, seier Christina Frønningen.  Bilde:Snorre Sandemose

Men fleire av spelarane som fekk sleppa til mot Syril er nye på laget, og ikkje eldre enn 15 og 16 år. Ei anna av dei som er ny på laget er 22 år gamle Christina Frønningen. Ho har tidlegare spela på Aurland, og kom til Jotun/Årdalstangen før denne sesongen. 

– Eg synest Syril var flinke. Og me kunne vore litt betre prestasjonsmessig. Me var litt svake i dag, seier Frønningen, som ikkje tykte ho sjølv alltid var nok på hogget i forsvar.

Jotun/Årdalstangen hadde kontroll med kampen

Jotun gjekk rett i leiinga i kampen, og leia 3-0 før fire minutt var omme. Men so var Syril like snøgge med å scora tre mål, slik at det stod 3-3 når det var spela sju minutt. Men derifrå og inn var det Jotun/Årdalstangen som hadde styringa, og dei vann til sist 31-18. 

VERT STOGGA: Christina Frønningen noterte seg ei scoring i kveldens dyst mot Syril, men denne gongen vert ho stogga av dei gule.  Bilde: Snorre Sandemose

Sundag ventar Høyang, eit av topplaga attåt Sogndal og årdølene. Frønningen ser fram til kampen.

– Eg er veldig spent på Høyang, og det er lenge sidan eg har spela mot dei no.

Og tanken på å fara heilt ut til Høyanger for å spela kamp byd ho ikkje i mot: 

– Det vert ei lang reise til Høyanger. Det er sosialt og kjekt å reisa langt. Eg likar å reisa til handballkampar. 

Har vunne rubbel og bit av kampar, men toppar ikkje tabellen

Jotun/Årdalstangen ligg berre på tredjeplass på tabellen sin i fjerde divisjon i år, sjølv om dei har vunne alt som er av kampar. Det er fordi dei berre har spela sju kampar so langt, medan Sogndal og Høyang har spela ti kvar. 

RUTINERT: Zsófia Székely er ein av dei rutinerte spelarane på Jotun/Årdalstangen. Her gjer ho ein heltemodig innsats i å redda eit straffekast, men denne gongen laut ho tola lyden av ballen som gjekk i nota.  Bilde: Snorre Sandemose

– Er det ikkje litt urovekkjande å møta eit topplag på sundag som har fått trent seg i tre kampar meir enn dykk hittil i sesongen?

– Nei, me skal slå Høyang. Spelarane våre har spelt eit tusentals fleire kamper enn dei, seier trenar Lene Høsøien.

Ho seier at når laget vert toppa, so skal det ikkje vera mogleg for Høyang å slå dei.

– Me har so mykje rutine.

Til toppen