MED PLAN: Slik blir den første pickupen frå Mercedes. Foto: Mercedes-Benz
MED PLAN: Slik blir den første pickupen frå Mercedes. Foto: Mercedes-Benz

Pick-up med stjerne

Mercedes-Benz stadfestar at dei har tenkt å byggje ein pickup. Her får du i tillegg fleire nyhende på bilfronten.

  • Endret

– Denne bilen skal styrkje måla våre om global vekst, seier styreleiar Dieter Zetsche hos Mercedes.

Bilen skal i første rekkje lanserast i Europa, Australia, Latin-Amerika og Sør-Afrika. Venteleg kjem han på marknaden før 2020. Frå før produserer Mercedes-Benz fleire nyttekøyretøy, mellom anna varebilar, lastebilar og bussar.

Pussar på C4

Citroën pussar opp kompaktklassebilen C4. Dei heilt store designendringane blir det ikkje, men bilen får nye lykter framme og bak. Innvendig får bilen ein ny peikeskjerm på midtkonsollen.

Artikkelen held fram under biletet

NY: Dei utvendige endringane er små på den nye Citroën C4. Men nye lykter har modellen fått.
NY: Dei utvendige endringane er små på den nye Citroën C4. Men nye lykter har modellen fått.

I Noreg kjem bilen med tre ulike utstyrsnivå og fem ulike motoralternativ. Alle motorane skal oppfylle utsleppskrava i Euro-6. Nytt er det òg at bilen no kjem med ei tradisjonell automatkasse som skal erstatte den robotiserte manuelle Citroën-girkassa. Framleis skal Citroën C4 vere romsleg. Bagasjerommet tar 408 liter.

KØYR MEIR: Morten Fransrud i Naf trur det hadde vore bra for trafikktryggleiken om fleire kvinner hadde overtatt for mannen bak rattet.
KØYR MEIR: Morten Fransrud i Naf trur det hadde vore bra for trafikktryggleiken om fleire kvinner hadde overtatt for mannen bak rattet.

Lite likestilling

Ei ny undersøking som Respons Analyse har gjort for Naf-bladet Motor viser at det som oftast er mannen som køyrer når eit par er saman i bilen. Berre 12 prosent av kvinnene i undersøkinga seier at dei helst vil køyre.

Av mennene meiner 52 prosent at dei er den beste sjåføren i parforholdet, mens berre 8 prosent av kvinnene meiner at dei er best til å køyre bil. Samtidig viser tal frå utrykkingspolitiet at menn er årsak til åtte av ti dødsulykker i trafikken. Det er òg mennene som står for dei fleste av dei alvorlege fartsgrensebrota. I 90 prosent av desse sakene er det ein mann som har sete bak rattet.

Naf meiner at kvinnene i større grad må ta over rattet.

– Mange kvinner køyrer for lite og får ikkje nok rutine. Viss kvinner køyrde like mykje som menn, og samtidig førte vidare den meir defensive haldninga dei har, så hadde det vore bra for trafikktryggleiken, seier Morten Fransrud, som er fagansvarleg for trafikktreninga i Naf.

Lite batterifeil

Etter fem år i produksjon viser tal frå Nissan at det er svært få feil med batteria på Leaf. Med over 35.000 selde Leaf i Europa er det berre tre bilar som har hatt problem med batteria, ifølgje Nissan.

Artikkelen held fram under biletet

SOLID: Berre 3 av 35.000 Nissan Leaf i Europa har hatt problem med batteria.
SOLID: Berre 3 av 35.000 Nissan Leaf i Europa har hatt problem med batteria.

Sidan lanseringa har Nissan på verdsbasis produsert over 165.000 Nissan Leaf. Dermed er Leaf den mest selde elbilen i historia. Også her heime er bilen populær. I 2014 var Leaf den mest selde elbilen i Noreg. Ved utgangen av februar i år var det selt totalt 556 Leaf, mens Volkswagen selde 1.716 e-Golfar.

Tar opp kampen

Jaguar vil ha ein bit av kaka som til no har vore delt mellom Audi A6, BMW 5-serie og Mercedes E-klasse. Den nye Jaguar XF blir lettare enn forgjengaren, takka vere bruken av aluminium. Denne bilen skal ha rundt 190 kilo mindre å drasse på enn forgjengaren, og Jaguar hevdar at bilen blir den lettaste i klassen.

Artikkelen held fram under biletet

LETT: Med den nye XF-en siktar Jaguar seg inn på bilar som Audi A6, BMW 5-serie og Mercedes E-klasse.
LETT: Med den nye XF-en siktar Jaguar seg inn på bilar som Audi A6, BMW 5-serie og Mercedes E-klasse.

Ein heilt ny serie av firesylindra motorar er òg på plass i den nye bilen. Med den minste dieselmotoren på 163 hk og manuell girkasse oppgir Jaguar forbruket til 104 gram. For dei som meiner at bilar i dette segmentet gjer seg best med ein V6-ar under panseret, er det òg håp. Den største dieselmotoren blir ein V6-ar med 300 hestekrefter. V6-aren frå sportsbilen F-type rundar av tilbodet av bensinmotorar. Den yter 380 hestekrefter.

Inne i bilen er dei analoge instrumenta bytte ut med ein 12,3 tommars skjerm. Dermed kan føraren i stor grad sjølv tilpasse informasjonen som skal visast. Den nye Jaguaren kjem i sal til hausten.

(©NPK)
 

Til toppen