TIDEN ER MODEN: No er både grillrutina og piggvaren på topp. (Foto: Carl Martin Nordby)
TIDEN ER MODEN: No er både grillrutina og piggvaren på topp. (Foto: Carl Martin Nordby)

Piggvar på grillen

  • Endret

Tidspunktet for å prøve seg på den spanske klassikaren rodaballo à la brasa (grilla piggvar) er no perfekt: Grillen har gløda godt gjennom heile sommaren, du er kanskje litt kjøttlei, men grillkokk-sjølvtilliten er på topp, og det er òg piggvaren!

Heilgrilla flyndre står kanskje ved fyrste augekast fram som det ultimate grillmarerittet. Men med ein hoppande varm kolgrill, ein blodfersk piggvar og ei fiskegrillrist går dette som ein draum.

FISKERIST: Gjer fiskegrilling til ein leik.
FISKERIST: Gjer fiskegrilling til ein leik.

Ein av suksessfaktorane er ein god og varm kolgrill, gjerne fyrt opp med ein vedkubbe dersom du har det. På den måten får fisken ein meir annleis og real grill-røykjesmak. Eg fyrer opp i halve grillen, slik at eg kan svi av fisken på eine

sida og la han trekkje ferdig på indirekte varme (under lokk) på den andre sida. Den geniale fiskegrillrista gjer at piggvaren enkelt kan bli flytta på og snudd rundt på grillen som du vil.

Retten er rustikk frå ende til annan, så dersom det finst ein petimeter i deg, får han ta ein pause i dag. Etter grillinga riv du av skinnet, og det saftige kvite piggvarkjøttet losnar i meir eller mindre tilfeldige bitar frå beinet med ein steikjespade. Fisken blir deretter lagt på varme tallerkenar og aust over med rista kvitlauk og chiliolje.

Lag gjerne den aromatiske olja ei stund på førehand, for at smakane skal setje seg. Ved servering blir olja varma litt opp, og den hakka persillen blir dryssa på. Syra i retten, sitronen, blir pressa direkte på fisken.

Det du skal ha til kan vere det du liker best, men følg gjerne opp den rustikke piggvaren med like rustikke, omnsbakte poteter. Ein sprek hjartesalat med litt lauk og nokre smaksrike tomatar gir friskt knas til måltidet.

Til toppen