FLEIRE REISANDE: Stadig fleire finn vegen til Flåm om vinteren. Frå oktober og fram til og med påske har Flåmsbana hatt ein vekst på 7,5 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FLEIRE REISANDE: Stadig fleire finn vegen til Flåm om vinteren. Frå oktober og fram til og med påske har Flåmsbana hatt ein vekst på 7,5 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Pila for vintertrafikken peikar i rett retning

Med ein auke på 7,5 prosent peikar pilene i rett retning for Flåmsbana og vinterturismen i Aurland.

Flåm: – Konjunkturane hjelper jo oss. Reiselivet i Noreg går bra spesielt på grunn av kronekursen.

Det seier Sivert Bakk, dagleg leiar i Flåm Utvikling. Frå oktober i fjor fram til og med påsken har Flåmsbana hatt ein auke på 7,5 prosent reisande samanlikna med tilsvarande periode året før. Før mars såg det endå betre ut, men ein nedgang på 30 prosent i førre månad gjer at prosenten ikkje er så høg som han kunne vore.

VEKST: Sivert Bakk kan rapportere om ein vekst på 7,5 prosent for Flåmsbana i vinter.
VEKST: Sivert Bakk kan rapportere om ein vekst på 7,5 prosent for Flåmsbana i vinter.

– I fjor hadde me to cruiseanløp i mars i tillegg til at påsken også var i same månad. På denne tida i fjor hadde me allereie hatt 8500 cruiseturistar. Så langt i år har me hatt 1400, seier han.

Får betalt for omfattande marknadsføring

Likevel er det vekst. Kronekurs og ein veksande marknad i Asia utgjer ein stor del av årsaka til at pila berre har peika éin veg dei siste åra på vinterstid. Reiselivet i kommunen jobbar stadig for å gjere området til ein heilårsdestinasjon.

– Marknadsføringsjobben som er gjort fjor fjordområda, spesielt i Asia, har vore betydeleg i mange år, og no får me betalt for det. Nordlyset spelar også inn, og folk kjem hit gjerne i kombinasjon for å sjå nordlyset, seier Bakk.

Dei fleste besøkande i vinter har vore nettopp asiatar som reiser på eigahand. Då har dei Oslo eller Bergen som utgangspunkt, og så nyttar dei seg av «Norway in a nutshell»-turen.

– Men me ser også ein aukande tendens med folk som har leigd seg bil og vil overnatta og nyttar aktivitetane, men det er ikkje i like stort omfang, legg han til.

Stadig fleire held ope om vinteren

Bakk meiner no tendensen er såpass klar at det vil vere forsvarleg for fleire bedrifter å satse på vinteren, der eit felles løft er vegen å gå. 

– Tala byrjar å bli så betydelege at det går an å satse. Eg ser det er stadig fleire som held ope, så eg trur dei fleste ser potensialet for å tene pengar og at det ikkje berre er utgifter. 

Artikkelen held fram under biletet.

VINTERTRAFIKK: Ein omfattande marknadsføringsjobb betalar seg no. Stadig fleire reiser med Flåmsbana om vinteren. 
VINTERTRAFIKK: Ein omfattande marknadsføringsjobb betalar seg no. Stadig fleire reiser med Flåmsbana om vinteren. 

– Me har sjølve ingen ambisjonar no om å vakse på sommaren. Me legg alle våre ressursar i å auke trafikken frå september til april. Sommaren sel seg sjølv, så der handlar det berre om å ha gode logistikkløysingar, meiner han.

Klare for sommaren

Langfredag kom det første av 141 cruiseskip som er venta denne sesongen til Flåm, som stadig tidlegare gjer seg klar for sommartrafikken. På Flåmsbana har dei tatt omsyn til dette ved å auke talet på avgangar frå 1. april seks. 

– Eg føler me er tidlegare klare til sesongen enn før. Alt startar tidlegare enn det gjorde for berre nokre år sidan, seier Bakk, som trur på meir vekst i inneverande år.

Til toppen