MEDGANG: Norsk industri har opplevd medgang sidan finanskrisa, viser tal frå SSB. I fjor auka produksjonsveksten med 3,3 prosent. Foto: Hydro Aluminium.
MEDGANG: Norsk industri har opplevd medgang sidan finanskrisa, viser tal frå SSB. I fjor auka produksjonsveksten med 3,3 prosent. Foto: Hydro Aluminium. (Foto: Arkiv)

Pilene peikar oppover for norsk industri

Norsk industri har opplevd medgang sidan finanskrisa. I fjor auka produksjonsveksten med 3,3 prosent, samanlikna med året før, viser tal frå SSB.

Årdal (NTB): I 2014 var det produksjonsvekst i åtte av femten industrinæringar. Produksjonen innan maskinindustri auka mest, med om lag 10 prosent. 

Også verksemder innanfor bygging av skip og oljeplattformar, dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og maskinreperasjon og -installasjon opplevde auka produksjon og bidrog dermed til industriens totale produksjonsvekst, viser Statistisk sentralbyrå sin årsrapport for 2014.

Trass i oppgang i fleire næringar blei den totale produksjonsveksten i fjor til ein viss grad motverka av nedgang i andre næringar. Gummi, plast og mineralsk industri hadde størst nedgang, med 4,4 prosent.

Samla hadde norsk industri ein vekst på 3,3 prosent frå 2013 til 2014. Det er litt lågare enn auken frå 2012 til 2013, då verdiskapinga auka med 3,6 prosent.

Sidan 2005 har produksjonen i industrien auka med om lag 23 prosent, men med ein betydeleg nedgang frå 2008 til 2009 på grunn av finanskrisa. I perioden 2009 og fram til no har det vore vekst.

Samanlikna med Sverige, Danmark og eurosona har norsk industri blitt mindre påverka av finanskrisa sine etterdrønningar, mykje på grunn av eit generelt høgt aktivitetsnivå i olje- og gassektoren. (©NTB)

Til toppen