I FOKUS: Henrik Furebotn vart både kampens beste spelar og skulda for å filma på Brann raudt kort i vestlandsderbyet. Foto: Halvor Farsund Srtorvik
I FOKUS: Henrik Furebotn vart både kampens beste spelar og skulda for å filma på Brann raudt kort i vestlandsderbyet. Foto: Halvor Farsund Srtorvik

– Pinleg å sjå menn falla slik

Vadim Demidov og Henrik Furebotn i munnhoggeri etter vestlandsderbyet.

  • Endret

Sogndal: – Ein for dårleg kamp frå vår side. Men det er vanskeleg å spela mot Brann. Dei blir destruktive og vil ha eitt poeng etter dei blir ti mann. Me har mykje å gå på når det kjem til å bryta ned Brann i etablert spel, seier Henrik Furebotn etter kampen.

Årdølen kom i fokus på fleire vis; i tillegg til å bli kåra til kampens spelar, vart han også offer for Bismark Costa i ein oppheta situasjon etter halvtimen.

Les også: Slik var kampen minutt for minutt

Offensiv start, så slagsmål

Kampen starta i høgt tempo og begge laga gjekk offensivt til verks. Alt etter tre minuttar fekk Brann ein dobbelsjanse då sogndalkeeper Dyngeland var på bærtur og boksa hôl i lufta. Psyché fekk til slutt beina ballen unna.

Etter knappe kvarteret var det Sogndal sin tur; Komsoon skaut frå 13-14 meter, Leciejewski redda, men ballen trilla skrått mot stolpen. Brannforsvaret kom først på lêrkula og fekk redda unna.

Så utarta kampen seg meir til ein stillingskrig utan dei store sjansane. Etter halvtimen skjedde det som blir kampens store snakkis; Ramsland felte Nouri bakfrå. Fleire spelarar frå begge lag tende, mest av alle Bismark Acosta på Brann som klabba til Henrik Furebotn. Acosta fekk marsjordre, Ramsland gult kort.

– Eg tykkjer det er pinleg å sjå menn falla slik og rulla rundt som Furebotn gjorde, det er jo for å framprovosera raudt kort. Men han om det, seier brannkaptein Vadim Demidov om situasjonen.

Artikkelen held fram under biletet

PINLEG: Vadim Demidov om Henrik Furebotn etter kampen:
PINLEG: Vadim Demidov om Henrik Furebotn etter kampen:

Furebotn sjølv er av ei anna oppfatning:

– Det var ikkje knyttneven, men eg fekk fingrane hans inn i begge augene, og alle som har prøvd det veit at det er ganske vondt. Eg har aldri lagd meg ned utan grunn. Eg prøvde å få folk vekk frå Ramsland, og plutseleg fekk eg ei hand opp i ansiktet.

– Acosta har hendene opp i ansiktet på Furebotn; det er ikkje mykje, men det er nok. Så det raude kortet er ganske greitt, seier sogndalstrenar Eirik Bakke

Fem artige minuttar, elles ein kjedeleg 2.omgang

Andre omgang var ein heller uinteressant affære med unntak av fem underhaldande minuttar då om lag eit kvarter stod att.

Etter 72 minuttar skaut Azar Karadas i nettveggen frå rett utanfor 16-meteren. To minuttar seinare stussa Psyché ein sogndalcorner frå Raitala rett utanfor stolpen - Sveen stupte også etter ballen, men nådde den aldri. Ytterlegare to minuttar seinare kom Komsoon gjennom på ei kontring og dundra ballen like over tverrliggjaren frå 12-13 meter.

Elles bestod 2.omgang av to gule kort til kvart av laga og ein ny oppheta situasjon ti minuttar ut i omgangen - utan at det vart kort i den situasjonen.

– Det er jo skuffande at me ikkje vinn når me blir elleve mot ti, men me møter eit lag som er nummer to på tabellen. Brann er eit godt lag i form, det ser me. Hadde me vore på topp hadde me vunne i dag, men det er me ikkje. Ramma rundt kampen var fantastisk, så det er synd me ikkje gir publikum tre poeng, oppsummerer sogndalstrenar Bakke.

Artikkelen held fram under biletet

RAUDT: Her får Bismark Acosta det raude kortet som vart den store snakkisen etter Sogndal - Brann.
RAUDT: Her får Bismark Acosta det raude kortet som vart den store snakkisen etter Sogndal - Brann.

Nilsen: – Klinkeklart raudt til Ramsland

Branntrenar Lars Arne Nilsen er nøgd med det poenget Brann fekk med seg tilbake til Bergen - når kampen vart som den vart.

– Det er kjedeleg me ikkje får fullførd med elleve mann, men slik er det. Me er skikkeleg gode fram til det.

– Korleis ser du på situasjonen med det raude kortet?

– Ramsland smell jo ned ein som er totalt uførebudd, så slik eg ser det skal han ha klinkeklart raudt kort. Så er det me som får det. Urutinert av oss og svakt av dommaren sett frå min ståstad.

– Korleis pregar det kampen?

– Det blir jo ein heilt annan kamp. Me må leggja oss bakpå og satsa på eitt poeng, og det får me. Men det øydelegg jo kampen.

Til toppen