SLUKKA MÅNDAG MORGON: Brannen vart slukka klokka 05:20.
SLUKKA MÅNDAG MORGON: Brannen vart slukka klokka 05:20. (Illustrasjon: Datawrapper)

Pipebrann i Hyllestad. To personar kom uskadde frå hendinga.

Klokka 03:24 natt til måndag vart lokalt brannvesen varsla om pipebrannen. Ti minutt seinare var dei på plass.

– Ingen personar er skada og brannen er slukka, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

Dei to personane som budde i huset kom seg ut sjølve. 

Slukka i morgontimane

Lokalt brannvesen var på plass kun ti minuttar etter at alarmen gjekk. Politiet bisto òg. Dei var på plass klokka 05:08. 

– Vanlegvis rykkjer me ikkje ut på slike ting umiddelbart, men brannen hadde spreidd seg til etasjeskillet, seier Hausvik. 

Grunna brann i etasjeskille, har brannvesenet skjært opp taket for å forsikre seg om at det ikkje brann der.

Politiet melder på Twitter at brannen var slukka klokka 05:20. 

Til toppen