JULETRE: Her er juletre som er dyrka på Asperheim gard i Årdal. No inviterer landbrukskontoret til kurs i korleis ein kan bytte seg av skogfond. Illustrasjonsfoto:  Ingrid Nordbye-Antonsen
JULETRE: Her er juletre som er dyrka på Asperheim gard i Årdal. No inviterer landbrukskontoret til kurs i korleis ein kan bytte seg av skogfond. Illustrasjonsfoto:  Ingrid Nordbye-Antonsen

Planar om å bygge skogsveg eller dyrke juletre?

Felles landbrukskontor for Årdal, Lærdal og Aurland inviterer no til kurs i korleis å nytte seg av ordninga med skogfond. 

Lærdal: Alle skogeigarar må ved sal av skogvirke som til dømes hogst, setje av midlar til skogfond. Om ein vel å bruka midlar frå skogfondet til reinvestering i skogvirke er dette ei gunstig ordning for skogeigarar. 

På landsbasis står det fleirfaldige millionar inne på skogfond, der det som kjem inn på skogfondet er mykje høgare enn det som blir utbetalt, syner tal frå Landbruksdirektoratet. No har Fylkesmannen oppmoda kommunane om å dra i gang kurs i korleis skogeigarar kan nytte seg av desse midlane. 

Mange veit ikkje om ordninga

Instruktør i Aktivt Skogsbruk, Arnt Laukeland kjem til Lærdal onsdag 9. desember, for å halde eit tretimarkurs, skriv Lærdal kommmune

– Mange veit kanskje ikkje at dei har skogfondkonto, og at dette ei gunstig ordning om ein skal gjera investeringar i skogen sin, fortel Laukeland. 

Kurset er gratis og kanskje spesielt av interesse for dei som har planar om å bygge skogsveg ei gong i framtida eller dyrke juletre. Har du planar om å hogge moden skog, vil også kurset vera nyttig, fortel Laukeland. 

Går ikkje ut på dato

Laukeland fortel at midlane du kan ha opparbeida deg på skogfond ikkje går ut på dato. Ved hjelp av bank ID og gards- og bruksnummer er det lett å sjekke om det står noko inne på skogfondkontoren din. 

Informasjon om skogfond, der du også kan sjekke om du inneståande midlar kan du gjera her. 

 

Til toppen