GRØN GLEDE: Å dyrke eigne grønsaker gir ei heilt spesiell form for glede. Foto: Shutterstock.
GRØN GLEDE: Å dyrke eigne grønsaker gir ei heilt spesiell form for glede. Foto: Shutterstock.

Planlegg grønsakhagen no

Det er fort gjort å plante her, der og overalt utan å tenkje på sjølve innhaustinga. Men skal du dyrke grønsaker med tanke på matauk, bør du legge ein god plan før sesongen startar.

Drøymer du om ein overdådig grønsakhage? Vil du sleppe å kjøpe grønsaker store delar av året? Det er lett å få litt vel høge forventningar når ein blar i frøkatalogane. Plutseleg har ein planta 15 søte graskar og enorme mengder lilla gulrøter som ein eigentleg ikkje aner kva ein skal bruke til.

Ulike grønsaker gir ulike avlingar per kvadratmeter og arbeidsinnsats. Ein bør også tenkje gjennom lagringsforholda før ein set i gang.

– Begynn med å tenkje på kva for grønsaker du faktisk et. Ta gjerne litt hardt i, i tilfelle det er noko som ikkje veks slik det skal, forklarar Marie Mandelmann.

Sidan 1996 har ho drive hagesenter på Österlen i Sverige saman med ektemannen Gustav. Saman har dei skrive boka «Självhushållning på Djupadal», og til sommaren kjem dei ut med ny bok om matlaging.

Artikkelen held fram under biletet.

FÅ MED BARNA: La barna dyrke sine favorittgrønsaker.
FÅ MED BARNA: La barna dyrke sine favorittgrønsaker.

– Smak og behov er individuelt. Eg kunne for eksempel funne på å plante 2000 purre, fordi det er ein favoritt, ler Marie.

Oppbevaring

Kva for moglegheiter ein har til å lagre det som blir produsert, er det viktig å vurdere realistisk. Kor sjølvforsynt ein eigentleg kan bli, avheng i stor grad av kva for areal ein har til rådvelde. Skal ein ete heimelaga mat gjennom heile året, bør målet vere ei blanding av friske grønsaker, som salat og reddikar, og det som blir lagra – som poteter. Dyrkar ein berre med tanke på lagring, blir det fort litt stussleg, meiner ekteparet.

Har du kjellar, er det lurt dyrke mange rotgrønsaker. Bur du i leilegheit og deler ein parsell, må du finne andre løysingar.

– På ein balkong kan ein lagre i isoporboksar med sand i, seier Marie.

Artikkelen held fram under biletet.

LAGRING: Det finst mange metodar for å ta vare på det ein har dyrka fram.
LAGRING: Det finst mange metodar for å ta vare på det ein har dyrka fram.

Eit anna alternativ kan vere å foredle. Gulrøter, for eksempel, kan syltast eller frysast dersom dei er små. Tomatar kan både etast ferske og lagrast på mange måtar. Det går an å fryse heile tomatar, lage ketsjup og sausar eller legge på glas.

– Er du glad i tomatar og har tilgang på drivhus, bør du ha minst ei plante per familiemedlem, og helst meir, meiner Marie.

I tillegg til daglege behov kan det vere lurt å tenkje på eventuelle høgtider og feiringar.

– Skal ein ha sommarfest med mange gjester, treng ein eigentleg å berekne for eksempel mengda salat eit par månader på førehand.

Litt om gongen

Ekteparet seier ein vanleg feil nybegynnarar gjer, er å plante alt med ein gong.

– Dersom du i staden plantar litt om gongen gjennom heile sesongen, vil du ha friske grønsaker i ein lengre periode og utnytte plassen betre. Når for eksempel kvitløk, som blir planta på hausten, blir hausta utover sommaren, kan du plante asiatiske bladgrønsaker på same stad. Dei har berre godt av å dyrkast litt seinare.

Artikkelen held fram under biletet.

MATAUK: Å bestemme rett mengde poteter er ei utfordring.
MATAUK: Å bestemme rett mengde poteter er ei utfordring.

Set ein vintersalat endå seinare, er det berre å måke vekk snøen og hauste når vinteren kjem, fortel Marie.

– Det er herleg å kunne komplettere sylta grønsaker med litt frisk klorofyll, legg ho til.

Til toppen