Aurland: - No vil me få gjennomført totalrenovering. Tippemiddelsøknad er sendt inn og får me tilslag der vil det utgjera om lag halvparten av finansieringa når ein tek med momskompensasjonen me får, fortel Magne Forberg, leiar i Aurland skyttarlag.
Det er standplassane og klubbhuset som skal bli heilt nytt. Desse to elementa skal inn i same bygning så ein kan gå rett frå klubbhuset og ut på standplass. Klubbhuset skal bestå av to etasjar med sjølve klubbhuset, kjølen og kontor i hovudetasjen, og garderobar og oppbevaringsrom i underetasjen.
- Bygningane me har no er frå 1970, og dei som bygde det gjorde ein god jobb, men no vil me ta dette løftet. Me går inn med ein million i eigekapital, også blir det ei restfinansiering i form av gåver, og me må nok få med kommunen. Me hadde rdførar og varaordførar her torsdag og selde inn prosjektet litt, fortel Forberg.
Artikkelen held fram under biletet

Går alt i orden blir heile 2018 nytta på bygginga slik at anlegget står klart våren 2019. Det tyder i så fall at skytebana på Låvi blir stengt neste år, men det er bane i Vassbygdi så skyttarane framleis har eit tilbod i Aurland.
- Me har fått gode signal, så me har god tru på at dette blir realisert, seier Forberg.