Lærdal: Førstkomande måndag er det planlagt ei stor markering ved Norsk villakssenter. Håpet er at Lærdalselvi offisielt vil bli friskmeld, sjølv om Mattilsynet enno ikkje har stadfesta dette.
– Eg har eit veldig godt håp, men eg kan ikkje seia noko meir enn det, seier Lasse Sælthun, leiar i Lærdal elveeigarlag.
Han ber om å bli trudd når han seier at han enno ikkje har fått beskjed om kva dei siste og avgjerande prøveresultata frå elva viser.
Uansett, nokon veit nok til at både klima- og miljøminister Vidar Helgesen, fylkesmannen i Sogn og Fjordane og representantar frå Mattilsynet, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for vannforskning (NIVA) er invitert til markeringa.
– Det har vore mange nedturar
Lærdalselvi er ei av dei mest ikoniske lakseelvene i landet. Her starta britiske lordar med sportsfiske allereie i 1850-åra. Kong Harald har fiska her regelmessig sidan 1950-talet. Eric Clapton er ein annan av mange kjente personar som har lagt si elsk på elva.
I 1996 var det ein førebels slutt på idyllen. Då vart lakseparasitten Gyrodactylus salaris for første gong påvist i elva.
– Det har vore tjueèin lange år og mange nedturar undervegs, konstanterer Sælthun.
I 1997 vart rotenon sleppt ut i elva. Bruken av plantegifta var omstridd fordi ho nesten drepte alt liv i elva. Daud fisk flaut over alt. Men gyroen let seg ikkje knekke. I allefall dukka han opp att seks-sju år seinare.
Hausten 2005 og våren 2006 starta nye forsøk på å bli kvitt laksesjukdomen, denne gongen med surt aluminium. Til forskjell frå rotenon tek ikkje aluminium livet av laksen, berre parasitten. Det var i allefall teorien, ingen i verda hadde fått det til i praksis.
Håpar på jubel på måndag
Hausten 2007 kom beskjeden om at dei heller ikkje denne gongen hadde greidd å ta knekken på sjukdomen. Parasitten vart oppdaga på ein lakseyngel seksten kilometer frå elvemunninga.
Nye dosar med aluminium vart sleppt ut i elva året etter, igjen i 2011 og 2012, medan prøvefisket vart starta opp i 2013, berre dèt ei stor hending.
Alle prøver sidan har vore negative.
– Etter dei siste behandlingane av elva har det vore mykje spenning. Me får håpa den spaninga blir utløyst med jubel på måndag, seier Sælthun i elveeigarlaget.