SV: Vibeke Johnsen er ein av forfattarane bak dette lesarinnlegget.
SV: Vibeke Johnsen er ein av forfattarane bak dette lesarinnlegget. (Foto: Arkiv)

Planstrategien – eit viktig politisk dokument

Det skriv Arnstein Menes, Vibeke Johnsen, Malen Røysum, og Oddbjørn Bukve i dette lesarinnlegget.

Sogndal: Politikarar og administrasjon i Sogndal kommune er no i gang med å lage ein heilskapleg kommuneplan for den nye kommunen.

Kommuneplanen skal vere det viktigaste politiske styringsdokumentet for dei kommande åra. Første steg i arbeidet er vedta ein såkalla planstrategi. Planstrategien gjev føringar på kva planar som skal prioriterast framover, og kva politiske mål vi legg til grunn for planarbeidet.

Formannsskapet har no lagt planstrategien ut til offentleg ettersyn. Den skal vedtakast i kommunestyret 18. juni.

Planstrategien må ut til folk

Planstrategien er neppe det mest påakta styringsverktøyet, korkje hos innbyggarar, organisasjonar eller i næringslivet. Like fullt er den eit svært viktig dokument, fordi den legg mange føringar på det planarbeidet som kjem etterpå. Planstrategien må ut til folk, så innbyggjarane både vert informerte om arbeidet som skal skje i kommunen og kan komme med sine innspel. 

Vi håpar at mange av dei som er opptekne av framtida i den nye kommunen vår, no nyttar høvet til å komme med innspel som dei finn viktige. La oss derfor nemne litt om kva vi så langt har lagt til grunn i planstrategien.

Eit viktig poeng for oss er å ikkje lage eit for omfattande planverk. Vi skal halde både talet på planar og omfanget av planane på eit rimeleg nivå. Dei sentrale dokumenta blir dermed kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdelen.

Så skal desse overordna planane konkretiserast i handlingsorienterte temaplanar, områdeplanar og reguleringsplanar.

God planlegging krev å konsentrera seg om det viktigaste 

Der det er mogleg, vil vi integrere tradisjonelle sektorplanar i samfunnsdelen. Som det er blitt sagt: Det er lett å legge mange planar, men ofte verre å hugse kvar ein har lagt dei. God oppfølging krev at vi konsentrerer oss om det viktigaste.

Det politiske fleirtalet i Sogndal har i si felles plattform slått fast at vi skal leggje FN sine  berekraftsmål til grunn for arbeidet i kommunen. Vi arbeider no på politisk nivå med ein klima- og miljøplan, som vi ønskjer å leggje til grunn i samfunnsdelen av kommuneplanen.

I samfunnsdelen må vi også analysere utfordringar og gje retning til arbeidet med å utvikle dei kommunale tenestene, ein framtidsretta bustadstrategi og ein tenleg infrastruktur for innbyggarar og næringsliv. Der det trengst, skal vi følgje opp med eigne handlingsplanar.

Arealdelen av kommuneplanen er juridisk bindande for arealbruken i kommunen. Derfor er dette ein svært viktig plan, som inneber noko langt meir enn å legge fargar på eit kart. Vi er opptekne av ei god utvikling i alle dei fire tettstadene i kommunen, på kvar sine premissar.

Balanse mellom bruk og vern

Parallelt med arealdelen vil vi derfor arbeide med tettstadsplanar som ser både samfunnsutfordringar og arealbruk i tettstadene i samanheng, og sikrar eit godt grunnlag for vedtaka i arealdelen.

Ei anna viktig sak for oss er å halde oppe dei små lokalsamfunna og ein desentralisert skulestruktur. Det inneber tilrettelegging for folk som vil busetje seg i alle delar av kommunen.

Jordvern er også viktig for oss, og så må vi finne den best moglege balansen mellom bruk og vern. 

Det er altså mange ting å spele inn til i arbeidet med planstrategien og i neste omgang i arbeidet med samfunnsplan og arealplan.

Kva politiske mål skal vi legge til grunn for arbeidet i kommunen? Kva tenester er viktige å vedlikehalde og utvikle? Korleis skal vi bruke arealet i kommunen? Kvar skal nye bustader komme, og kvar skal vegane gå?

Vi vonar på stor interesse og ein fruktbar debatt om slike spørsmål.

Til toppen